Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Møter topplaget

Møter topplaget

Gloppen Handballklubb sitt herrelag møter serieleiar NHHI heime i Trivselshallen søndag.

Glopparane leverte årsbeste borte mot Eid sist, men måtte nok ein gong gå poenglause av bana og står framleis utan poeng i 3. divisjon.

NHHI har vunne fem av dei seks kampane sine og stiller som klare favorittar i denne kampen.