Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   «Mor Astrup» fekk kulturprisen

Her får Solveig Berg Lofnes kulturprisen av ordførar Oddmund Klakegg.

«Mor Astrup» fekk kulturprisen

– Juvelen i Jølster er Astruptunet, og Solveig Berg Lofnes kan med rette verte kalla «Mor Astrup» for sitt lange arbeid med tunet, hagen og kunsten, sa ordførar Oddmund Klakegg då han delte ut kulturprisen tysdag.

Tradisjonen tru vart kulturprisen for Jølster delt ut på det siste kommunestyremøtet før jul. Solveig Berg Lofnes ante ingenting om at nettopp ho var årets kulturprisvinnar då ho møtte opp på kommunehuset i dag tidleg. Ho trudde ho skulle på eit møte med bibliotekar Grete Skaar Sunde. Det skulle ho ikkje…

– Høg status i kultureliten

– 2016 har vore eit fantastisk år for Jølster kommune i høve lanseringa av Nikolai Astrup i både inn- og utland. Om lag 150 000-170 000 har sett utstillinga, som har fått mykje og god omtale. Då passar det ekstra godt å heidre den som har stått i dette arbeidet i opp- og nedturar, som har eit stort eigarskap til Astruptunet og Astrup-kunsten, og som er ein fantastisk representant for Jølster, sa ordføraren då han delte ut prisen.

Klakegg slo fast at Solveig Berg Lofnes har eit stort engasjement for Nikolai Astrup, noko som viser att i hennar glødande formidlingsevne om kunstnaren:

– Kunnskapen om Astrup er høgt verdsett, og hennar status i kultureliten høg.

Lang fartstid

Berg Lofnes har i mange år vore museumsstyrar i Astruptunet og Eikåsgalleriet.

– Ho har lang fartstid innanfor kultursektoren i Jølster. Allereie i 1983 var ho inne og jobba under tittelen «ekstraordinær sysselsetting», der arbeidet stort sett var innanfor områda kulturvern og museumsarbeid. I 2003 vart tilsetjingshøvet overført frå Jølster kommune til stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum, der ho framleis er tilsett i dag, heldt ordføraren fram.

Kulturprisen er på 10.000 kroner.