Mange kuttar ut piggdekk i byane. Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Meir piggfritt på vintervegane

Fleire og fleire bilistar i heile landet vel piggfrie vinterdekk. Oslo-bilistane er flinkaste, men dei er tett følgde av fleire store byar.


– Det er gledeleg at piggfridelen aukar i heile landet. Pigg-bruken er ei viktig årsak til problem med vegstøv. Når støvet blir så fint at det held seg svevande i lufta, kan det pustast inn og irritere luftvegane. Mange toler ikkje dette og blir sjuke, seier sjefingeniør Pål Rosland i Statens vegvesen i ei pressemelding.


Vegvesenet har talt 27.000 bilar i 13 norske byar og byområde i vinter. Dei har talt på dei same bensinstasjonane og parkeringsplassane som i fjor.


Oslo ligg øvst med 91 prosent piggfrie vinterdekk, med Asker og Bærum på 89 prosent og Bergen på 88 prosent. Oslo og Bergen har begge piggdekkgebyr. Drammen, Fredrikstad og Sarpsborg følgjer rett etter med 83 og 82 prosent.


Piggfridelen i Grenlandsområdet (Skien og Porsgrunn) har auka frå 65 til 76 prosent på fem år og dermed passert Trondheim, som ligg på 74 prosent. Denne byen auka kraftig då det vart innført piggdekkgebyret i 2016. Stavanger innførte gebyrordninga i 2017. Det førte til eit hopp frå 75 til 86 prosent i 2018. I år er den stabil på 85 prosent.


Kristiansand, Hamar og Lillehammer har moderat vekst i piggfridelen. På ti år har piggfridelen auka frå 63 til 66 prosent i Kristiansand. På Hamar og Lillehammer har den gått frå høvesvis 51 til 61 prosent og frå 46 til 53 prosent.


Ålesund hadde for 10 år sidan ein piggfridel på 33 prosent, i år er den 58 prosent.


I Nord-Noreg brukar folk meir piggdekk. Her er piggfridelen under 20 prosent, men den er aukande. (©NPK)