
- Vil øydelegge ein edelstein i naturen for all framtid
Sunnfjord kommune har lagt ut «Detaljregulering Jostedalsbreen-gondol» til høyring. Vonar at mange kjem med innspel innan 2. juni.
Jostedalsbreen nasjonalpark er nasjonalt og internasjonalt godt kjent, og er eit av dei best kjente uberørte naturområda vi har i Noreg. Styret for Jostedalsbreen nasjonalpark har gått imot prosjektet. Skal vi øydelegge ein av dei vakraste naturperlene på Vestlandet og gjere innhogg i Europas største fastlandsbre?
Eg har budd i Jølster i 50 år og brukt den vakre naturen i bygda vår i alle desse åra. Den er unik og den må vi ta vare på. Eg har vore med å guide turistar både frå inn- og utland på Haugabreen og Jostedalsbreen. Alle er begeistra over den flotte og dramatiske naturen som Jølster har å by på. Her kan ein gå i timevis utan å møte «folkevandring» som ein elles har i Europa, ikkje minst i Alpane. Det er denne opplevinga av naturen som kjem til å verte bereevna til auka turisme og opplevingar i framtida. Her har Noreg og Jølster eit forsprang som vi må ta godt vare på. Vi har aukande turisme i Vestland, og i Nord-Noreg kjem turistar frå heile verda for å oppleve noko so enkelt som midnattsol og nordlys. Dei spør ikkje etter gondolbaner. Nei, dei vil oppleve rein natur som er mangelvare der dei kjem frå både Europa, USA og Asia.
No er tida inne for å stoppe ei negativ utvikling med å redusere norsk natur. Ta vare på det unike vi har her i området som kjem til å verte verdiar som gull i framtida. Kortsiktig økonomisk vinning kan verte dyrt i lengda.
I utgreiinga frå Norconsult (Delområde 2 og Delområde 3) står det at gondolprosjektet vil ha middels negative konsekvensar for Kjøsnesfjorden, og alvorlege konsekvensar for Jostedalsbreen. Her må ein merke seg at dette er subjektive vurderingar. Mange vil nok seie at konsekvensane for Kjøsnesfjorden er meir enn middels negative. Totalinntrykket vert sterkt endra. I «Detaljregulering Jostedalsbreen gondol» vert det også stadfesta at store delar av utgreiingsområda inngår i Jostedalsbreen nasjonalpark og ligg i eit KULA-område.
Lundebotn er heilt spesiell med høge fjell på alle kantar og med Jostedalsbreen synleg i aust. Den kjente fjellmann, William Cecil Slingsby, skriv i boka si, «Til fjells i Norge», om ein tur over breen som starta i Fossheimsdalen. Dei gjekk over Høgenipa som stikk rett opp frå Kjøsnesfjorden. I boka skriv han følgjande om si oppleving akkurat her: «… vi fikk en av de mest interessante turer jeg har hatt. I lang tid gikk vi på den brede rygg av disse imponerende høyder, og så fire, fem tusen fot ned på det blågrønne vann i denne trolske arm av Jølstervann…». (s 162-163, Slingsby, 2004).
Når ein ser på bileta i rapporten av tiltaka med rassikring, stasjon for gondolbana samt anlegget vidare oppover, vert naturopplevinga i dette særeigne landskapet øydelagt.
Kopi frå rapporten:
Toppstasjonen består av eitt bygg over fire plan som utgjer i underkant av 1 000 m2.
Toppstasjonen med tilhøyrande anlegg vil føre til markant visuell påverknad som bryt med noverande symbolverdi ved natur- og kulturlandskapet. Det gjeld særskilt for Jostedalsbreen…….For tradisjonelt friluftsliv og eksisterande bruk er det lagt særskilt vekt på at gondolbana med tilhøyrande anlegg vil kunne føre til endra oppleving og redusert attraktivitet som friluftslivsområde.
Kopi frå rapporten:
2.4 Kulturmiljø: Kjøsnesfjorden er eit historisk kulturlandskap og inngår i eit større område markert som Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse (K565) Jølstravatnet, i Askeladden (Riksantikvaren sin database).
Jostedalsbreen, er den største breen på det europeiske fastlandet (ca. 480 km2), og har nær 50 bretunger som veltar ned i omkringliggande dalar. Sjølve tiltaksområdet er prega av bratte dalsider med bretunger som heng over dalsida. Dalbotnen er prega av vassdrag og skredur. Utsikta over Kjøsnesfjorden er eit viktig estetisk element for området. Vegetasjonen er prega av lausmasseavsetningar frå skred, morene og elveavsetningar, og veks i sporadisk tettheit.
Botnstasjonen består av ein bygningsmasse på 2.000 m2 eks. parkering der fotavtrykket over bakkenivå utgjer 960 m2
I tillegg må ein bygge rassikring for gondolstasjonen og botnstasjonen. Dei som kjenner til dei noverande rassikringsvollane mot riksvegen, vil lett innsjå at dette vert visuelt dominerande.
Korleis vert utsikta som mange set pris på, når ein kjem køyrande ut av Fjærlandstunnelen?
I tillegg til dette får vi ei stor toppmast med rassikring!
Korleis skal turistane sikrast mot trafikken på riksvegen som går tett innpå og delvis gjennom anlegga? Lundeelva som går gjennom området kan i periodar vere stor og farleg. Kva er planlagt for at turistar og andre ikkje skal forulykkast her? Statens vegvesen har komme med høyringsuttale som går imot plassering av gondolstasjonen i noverande planer. Dei kjem med forslag om å endre lokaliseringa til Lunde Turiststasjon som ligg lenger nede i dalføret.
Det er fleire andre moment som ikkje er godt nok utgreia i rapporten. Det gjeld mellom anna to viktige tiltak som tilførsel av straum og beredskap. I avisa Firda, den 18.05.25, kan vi lese om ulike måtar straumtilførselen kan løysast på som t.d. solceller, bruk av aggregat eller kabel langs gondolbana. Leiar for prosjektselskapet, Andre Sunde, seier at dei skal lage ei løysing som skader minst mogeleg. Men korleis ein skal greie dette, vert det sagt lite om. Kabel på bakken vert vanskeleg pga. topografien. Det er og uklårt om regelverket tillèt hengande kabel. Solceller er lite aktuelle pga. få soldagar i året. Ei slik løysing kan vel fort verte kostbar og visuelt skjemmande? Pellets eller bio-oljeaggregat ved toppstasjonen er òg diskutert. Vil dette fungere i praksis sidan det er snakk om produksjon av relativt store straummengder?
Har ein gode nok planar for beredskap ved større ulykker? Dersom ein gondol fell ned, kan bruk av helikopter verte vanskeleg pga. dårleg ver og kraftig vind frå breen og bratt terreng. Må ein planlegge andre tilkomstvegar? Kva vil dette anlegget eigentleg koste i investering og drift? Kva fotavtrykk vil det forårsake i naturen?
I utgreiinga vert det peika på at det alt er gjort fysiske endringar i området i samband med kraftutbygging. I sjølve Lundebotn er det gjort skånsamt og lite skjemmande. Noko som i si tid var eit krav frå myndigheitene. Eg kan ikkje sjå at kraftverket er eit argument for å etablere enno meir naturøydeleggjande tiltak i det same området.
I utgreiinga vert det antyda at prosjektet kan få ei årleg verdiskaping på 37 millionar kroner. Dette framstår som usikre tal. Natur utan inngrep er evigvarande og vil mest truleg verte det turistane vil oppsøkje i framtida.

Øvste stasjon er planlagt kloss inn til Jostedalsbreen nasjonalpark og vert eit framandelement tett på nasjonalparkgrensa. Ein planlegg å hindre turistar i å ta seg inn på breen. Vil ein greie dette, og eventuelt kor lenge? Det vil etter kort tid komme krav og forventningar om at ein må utvide arealet som kan nyttast både til oppleving og vandring. Dette vil føre med seg forsøpling og slitasje på naturen og nasjonalparken. Vil ein greie å hindre at ein tek seg inn på breen med dei fatale følgje det kan få? I høgde på nesten 1500 meter over havet vil ein store deler av året ha utfordrande ver med sterk vind og nedbør. Slike forhold kan føre til vanskelege redningsaksjonar. Sjølv med beste førebygging, vil ein nokså sikkert oppleve dette.
Har ein gjort målingar som viser korleis klima er på Tverrfjellet gjennom året? Været på breen kan skifte spesielt fort både når det gjeld vind, tåke og nedbør. På 1500 meter vil temperaturane vere 5-10 grader lågare enn nede ved Kjøsnesfjorden. I Bergen er det ca. 200 dagar i året med regn. På Tverrfjellet er det nok noko færre dagar, men ein kan i alle høve rekne med 200 dagar med «dårleg» ver. Kor mange dagar i året har ein god utsikt? Skydekket ligg ofte ned på Tverrfjellet og lågare ned i fjellsida.
Kven skal ta kostnadane med opprydding den dagen eit slikt anlegg vert nedlagt eller går konkurs? Utbyggjarane bør i alle høve påleggast å etablere eit indeksregulert fond for å sikre at det naturlege landskapet kan gjenskapast.
Det vert nytta store ord om at gondolen vert eit «fyrtårn og motor» for reiselivet. Slike ord vil mange oppfatte som respektlaus haldning ovanfor naturvern, nasjonalparken og framtidas verdiar. Eg trur at dette prosjektet vil Sunnfjord kommune, og mange andre, angre bittert på i framtida dersom det vert realisert!
Vonar at politikarane innser at desse planane ikkje er berekraftige i framtida. Dei vil øydelegge for eit berekraftig reiseliv og ein edelstein i naturen for all framtid.
Leif Kapstad,
pensjonist og tidlegare breførar