– Vi skal endre ruspolitikken

Eg trur ein skal vere litt forsiktig med å gjere for mykje valkamp av rusdiskusjonen. Fram til no har eg sett alt frå gravkors-aksjonar frå Venstre-folk, til påstandar frå Trygve Slagsvold Vedum om at «Erna Solberg heller vil at ungdom skal drive med kokain enn å ta seg ein pils i parken». Dei skal sjølvsagt få bestemme si eiga diskusjonsform. Eg trur vi kan betre.

Ruspolitikken er eit krevjande tema, og vi er mange som opplever dette som både sårt og engasjerande. Det gjeld også meg, nettopp fordi det handlar om så mange av dei som sit nedst ved bordet i samfunnet vårt. Likevel har eg behov for å sjå nærare på nokre av overskriftene i media etter landsmøtet vårt i Arbeiderpartiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om vi ikkje går inn for ei avkriminalisering av all bruk av narkotiske stoff, så har vi no likevel fått eit vedtak som sikrar ei avkriminalisering for bruk og besittelse av mindre brukardosar for dei tunge rusavhengige. Slik kan denne gruppa blir møtt med helsehjelp og oppfølging i staden for straffereaksjonar. Det tykkjer eg er eit viktig steg i riktig retning.

Ein annan ting som eg også er glad for, er at vi gjer det klart at alle som vender seg til helsepersonell eller som tilkallar hjelp ved ulykker, skal vere trygge på at dei ikkje blir møtt med straffereaksjonar. Dette er ufatteleg viktig. Når krisa rammar, så skal det vere trygt å søke hjelp.

Samstundes er det òg viktig at vi får eit integrert ettervern som sikrar at behandlingsinstitusjonar følgjer opp rusavhengige etter at dei er ferdige med døgnbehandling, og sørgjer for at dei får hjelp til å kome tilbake til ordinært arbeidsliv, utdanning eller anna aktivitet. Samstundes er det avgjerande å gi eit butilbod som har avstand til rusmiljøa.

Førebygging er viktig. Men vi må også gjere meir for å hjelpe ungdom ut av rus. Difor er eg glad for at vi no tek til orde for at ungdom som gjer sitt første lovbrot, blir tilbydd tverrfagleg oppfølging av helsetenestene. I tillegg sikrar vedtaket vårt at ungdommane våre ikkje lenger skal bli sittande igjen med rusrelaterte saker på rullebladet for resten av livet.

Vi skal endre ruspolitikken. La det ikkje vere nokon tvil om det. Men eg ønskjer å vere tydeleg på at det må handle minst like mykje om førebygging og helsehjelp som lovparagrafane om terskelverdiane. Vi kan ikkje gå ifrå straff til ingenting. Det må vere ei tilbod i den andre enden for alle dei som treng det.

Eg tykkjer det er viktig at vi har respekt for dei ulike synspunkta i denne debatten. Ruspolitikk er krevjande, og det vil ta tid. Men målet må vere klart: Færrast mogleg skal hamne i rus. Dei som er fanga i eit rushelvete, må få mykje meir hjelp og moglegheiter på vegen tilbake enn det som vi tilbyr i dag.

Det her er kanskje ikkje fasiten, men det er eit steg i rett retning.