– Vi må verne om streikeretten

Fredag kveld kom beskjeden til alle lærarane og sjukepleiarane i UNIO. No er streiken avlyst over heile landet. Ikkje på grunn av forhandlingar eller gjennomslag. Men som følgje av eit søppelanlegg i Fredrikstad som stod i fare for å sjølvantenne.

For å seie det mildt: No kokar det. Når regjeringa bruker tvungen lønnsnemnd i UNIO-streiken på eit svært tynt grunnlag, så kjenner eg at eg blir uroa over kva slags standard dette vil setje for den etablerte og framtidige streikeretten vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei minimumsordning der ein avlyser streiken på den enkelte arbeidsplassen som ein meiner utgjer fare for liv og helse skal vere fullt mogleg. På den måten kan liv og helse sikrast på same tid som vi held fast på streikeretten.

Så registrerer eg at det er motstridande meldingar om kva som skjedde i forkant av avgjersla. Det krev vi å få oppklart. Og det så snart som råd. Men ein skulle i alle fall tru at det hadde vore mogleg å finne ei ordning for åtte streikande på søppelanlegget i staden for å avbryte streiken gjennom tvungen lønsnemnd for lærarar og sjukepleiarar som brukar streikeretten sin for å kjempe for betre arbeidsvilkår.

Streik er ein menneskerett, og like viktig som ytring og organisasjonsfridom i eit demokrati. ILO og den europeiske sosialpakta har over fleire år sagt at streikeretten i Noreg står for svakt. Om ettertida viser at det som skjedde på fredag berre handla om å tvinge dei streikande lærarane og sjukepleiarane på jobb igjen, så vil det vere alvorleg.

No må Høgre-regjeringa svare for seg kva som har skjedd, og kva som var grunnlaget for avgjersla. Til dømes om arbeidstakarsida blei kontakta for å avklare det faktiske grunnlaget for vedtaket før avgjersla om tvungen lønnsnemnd blei teken.

No er vi mange som lurer. Det her krev vi svar på. Éin ting er likevel krystallklart. No må vi stå opp for arbeidstakarane sin rett til å kjempe for arbeidsvilkåra sine. For spelereglane i det organiserte arbeidslivet. Vi må verne om streikeretten.