Styreleiar i Austrheim barnehage, Bodil Fjellestad Eikrem, er imponert over tilsette i barnehage og skule som har stått i stormen gjennom pademien. Ho etterlyser gratis hurtigtestar.

– Tilsette i samfunnskritiske jobbar bør få gratis hurtigtestar

– Eg er mektig stolt over tilsette i barnehagar og skular som har stått fjellstøtt i stormen. Mange brukar tusenvis av kroner frå eigen lomme på hurtigtestar. Det er ikkje rett, seier Bodil Fjellestad Eikrem.

Ho er styreleiar i Austrheim barnehage, der pandemien den siste tida har herja trass alle smitteverntiltak. Privat har Bodil også følt koronaen på kroppen.

Står i stormen

Ho er mektig stolt og imponert over dei barnehagetilsette, ikkje berre i Austrheim barnehage, men over tilsette i alle barnehagar og i skulane, særleg på dei yngste klassestega.

– Dei har stått fjellstøtt i ei utfordrande tid med mykje smitte i Gloppen. Dei kjem på jobb kvar dag og har ikkje noko val. I arbeid med små born er det praktisk umogeleg å halde avstand for å unngå nærkontakt. Samtidig er det ekstra travelt fordi fleire tilsette gjerne må halde seg heime, seier ho.

Når det har kome smitte i ein barnehage eller skule, må det omfattande testing til.

Fleire tusen kroner

– Eg har born i barnehage med mykje smitte no. Der veit eg om tilsette som har brukt fleire tusen kroner på hurtigtestar frå eigen lomme for å vere trygge på at dei ikkje fører smitten vidare, seier Bodil.

Ho meiner tilsette i samfunnskritiske jobbar bør få utdelt gratis hurtigtestar på lik linje med born og nærkontaktar i skule og barnehage.

– Rett nok har tilsette fått nokre hurtigtestar gratis, men ikkje i nærleiken av behovet den siste tida, hevdar ho og viser til at tilsette testar seg både før dei sluttar arbeidsdagen, og om morgonen før dei går på arbeid.

– Nesten alle vaksne som testar seg i dag, er utan symptom fordi dei er vaksinerte, og borna har ofte ikkje symptom, men må teste seg fordi dei har vore nærkontaktar. No er det også mykje influensa som gjer at mange testar seg ekstra mykje for å vere trygge på at vi kan sende borna i barnehagen, seier Bodil Fjellestad Eikrem.

Fortvila

Ho har høyrt om fleire som er litt fortvila over situasjonen.

– Eg tykkjer dette er ei prinsippsak: får borna gratis testar, bør også dei vaksne få det, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

For både born og vaksne er det no blitt rutine å få testpinnen i nasen når det er utbrot.

Det er mogeleg å bli testa gratis på teststasjonen til kommunen, men det er ikkje hurtigtest og ikkje noko reelt alternativ.

– Då må du vente i to dagar før du får svar og ikkje gå på jobb, peikar Bodil på.

Dessutan er dette tidkrevjande og tungvint. Ho fortel at det er normal drift i Austrheim barnehage, men alle nærkontaktar må teste seg same dag som det er påvist smitte og før dei går på arbeid dagen etter.

– I tillegg er det låg terskel for å vere heime, seier ho.

– Har eit poeng

Ordførar Leidulf Gloppestad innrømmer at Bodil Fjellestad Eikrem reiser ei problemstilling som så langt ikkje har vore teke opp internt. Han peikar på at kommunen har fokusert på at det er nok hurtigtestar til alle nærkontaktar.

– Det har også vore peika på at prisane på hurtigtestane har vore høge, nett slik det var på munnbind i starten. Det er etter mitt syn feil og på grensa til det usmakelege, seier Gloppestad.

Han meiner det ikkje skal vere ei økonomisk belastning for tilsette i samfunnskritiske stillingar å teste seg.

– Eg tykkjer Bodil Eikrem Fjellestad har eit poeng. Ho utfordrar oss til å sjå på retningslinjene på nytt, seier ordføraren.