– SV satsar på distrikta

Kampen for rettferd og mot ulikskap er ei hovudoppgåve for SV. På landsmøtet vedtok SV eit offensivt program for eit rettferdig grønt skifte, for å skape nye arbeidsplassar og for å skape utjamning både sosialt og geografisk. SV vil ha ein heilskapleg distriktspolitikk, som omfattar både utforming av attraktive lokalsamfunn og bumiljø, klimatilpassing, næringsutvikling, offentlege tenester, kulturtilbod, transport og infrastruktur.

Programmet kjem med ei rekkje konkrete forslag til korleis ein kan skape utvikling og gode levekår i distrikts-Noreg. Dei næringspolitiske verkemidla skal få ein tydelegare distriktsprofil, og SV vil vurdere å gjeninnføre Distriktsutbyggingsfondet. Verkeområdet for differensiert arbeidsgjevaravgift skal utvidast og satsane senkast. SV vil gje inntektssystemet for kommunane ein betre distriktsprofil, og ha ei rettferdig fordeling av skatten mellom bustadkommune og hyttekommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Staten må syte for at den digitale infrastrukturen er lik i heile landet. Offentleg sektor skal desentraliserast, og det må leggast til rette for at fleire kan arbeide desentralisert frå kontorfellesskap og kontorplassar i distrikta. Kollektivtilbodet i distrikta må styrkast og bli meir fleksibelt, til dømes bestillingsbuss.

Utdanning er viktig. Elevar i vidaregåande må sikrast eit variert tilbod i eige nærområde, og det skal øyremerkast midlar slik at høgskulane kan utvikle studieprogram som er tilpassa arbeidslivet i sin region.

Sist, men ikkje minst, vil SV ta havet attende og jorda og skogen i bruk. Fisken skal høyre til kystfolket og sikre arbeidsplassar og busetnad på land. Dei spreidde jordressursane våre må takast i bruk att. Skogen må nyttast betre, både for å skape arbeidsplassar og for å kutte utslepp.

Sogndal SV har gjennom heile programprosessen arbeidt aktivt med delen om distriktspolitikk. Lokallaget fremja ei rekke konkrete forslag til programmet, og har fått solid gjennomslag både i Vestland SV, i programkomiteen og på landsmøtet. Vi som er toppkandidatane frå SV har eit samla parti i ryggen når vi skal kjempe for gode levekår og arbeidsvilkår i distrikts-Noreg!

Hege Lothe, stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane

Hans Christian Andersen-Knutsen, 2. kandidat og ungdomskandidat

Vibeke Johnsen, 3. kandidat og varaordførar for Sogndal SV