Sp må kvittere ut ferjeavløysingsordninga for Anda - Lote

Det har tidlegare vore eit stort engasjement for å få avløyse ferja på Anda - Lote med ei bru. Selskapet Nordfjordbrua AS har arbeidd med denne oppgåva sidan 2007, og kommunane Gloppen og Eid/Stad har løyvd store summar til formålet saman med private aksjonærar.

Men no har det vore stilt ei god stund, og eg har spurt meg om kvifor?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det eintydige svaret eg får er at finansiering av brua med ferjeavløysingsmidlar manglar avklaring. Ferjeavløysingsordninga er bruk av pengar på ein annan måte. Den økonomien ein i dag brukar på ferjedrifta (statleg tilskot og ferjebillett) kan ein alternativt bruke til å bygge bru. Utrekningar som er gjort på oppdrag for Nordfjordbrua viser at dette kan finansiere ei bru til over 3 mrd.

Men det føreset at prinsippet om å bruke denne typen finansiering kjem på plass. På fylkesvegnettet er dette ei ordning som fungerer slik at t.d. Nordøyvegen på Sunnmøre og Atløysambandet i Vestland er/kan realisert.

Men på riksvegnettet har denne saka stoppa opp. Det kan ikkje vere avgjerande kven som eig vegen (stat eller fylke) om ordninga skal fungere.

Det har vore forventningar med Sp i regjering med finansministeren og Erling Sande som leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, at ein skulle få orden på dette. Men til no har dette uteblitt. Eg utfordrar derfor Per Jarle Myklebust og Erling Sande til å svare på om ferjeavløysingsordninga straks kjem på plass. Det er avgjerande for å kome vidare med Nordfjordbrua.

Då debatten om kommunesamanslåing av Gloppen og Eid pågjekk i 2016, sa dåverande leiar i Sp, Liv Signe Navarsete, at bru var enklare å realisere om dei to kommunane fortsette kvar for seg. No har det gått sju år sidan ho sa dette. Tida er inne for å kvittere ut dette for Sp.

Det har i sommar vore ein debatt om behovet for ein ny Lotetunell. Det er stortingsrepresentant Alfred Bjørlo som har stilt spørsmål om dette til samferdsleministeren. Eit interessant initiativ og vi er spente på svaret. Dagens tunell held ikkje EU-krava, og må gjerast noko med. Å oppgradere denne vil medføre stenging over lang tid, som ikkje er akseptabelt.

Ny tunell kopla til brua og kanskje kome ut ved Hornindalsvatnet er noko som eg vonar statsråden kvitterer ut som positivt.

KrF i Gloppen har over fleire periodar vore sterkt engasjert på bru mellom Anda og Lote, særleg har vår noverande gruppeleiar Svein-Ottar Sandal ivra for dette. Den stafettpinnen ønskjer eg no å ta vidare, og vere ein pådrivar.