– Slik kan ein sikre færre folk i distrikta

Eg trur eg har funne kunstig intelligens. Den er visst i eit høyringsnotat frå Vestland fylkeskommune.

Skulestrukturdebatten rir igjen. Onsdag 6. mars kom det eit høyringsforslag om skulestrukturen i Vestland. Den tek høgde for ein nedgang i folketalet i regionen. Den største nedgangen kjem visst i nordlege deler av fylket, den delen som ligg lengst frå Bergen. Dermed er det her ein skal ta dei største kutta. Høyanger vgs. vert føreslått lagt ned eller inn under Førde vgs., den største skulen i Sunnfjord. Voss Gymnas misser si musikkline, det same gjer Stord. Måløy vgs misser 102 elevar, og Firda misser si studiespesialiserande linje, ved ein skule som har utdanna elevar til gagns menneskje i over hundre år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om skrømt og profetiar

Regionen har møtt dette skrømtet før. For ti år sidan gjekk det ein skulestrukturdebatt i gamle Sogn og Fjordane, som ikkje var anna enn destruktiv. Dei gamle fogderistridane blussa opp igjen, og skular krangla og peika seg i mellom som born i ein sliten skulegard. Og truleg det mest problematiske: folk i reproduktiv alder i etableringsfasen såg brått på skular som dei elles hadde tenkt var sikre, gode skular for borna sine, som ikkje så sikre lenger.

Dermed kan slike planar for færre skular for færre elevar verte sjølvoppfyllande profetiar. Dersom ein tek høgde for lågare elevtal, er det gode sjansar for å få det. Folk som hadde sett for seg å flytte heim, eller reise til ein stad på landet, gjer kanskje ikkje det. Kanskje vert dei verande i byen dei har utdanna seg i, flyttar til ein annan by, eller til ein større tettstad. Og elevgrunnlaget på bygda vert mindre, og fylkesadministrasjonen får aldeles rett: «Neimen jøsses – får vi ikkje elevar til skular som ikkje blir der lenger, seier du? Då er det nok på tide å legge dei ned.» Lat oss få sleppe fleire skulestrukturdebattar og -planar av denne typen. Dei bidreg utelukkande til sentralisering og utflytting frå periferien til fordel for sentrum. Dette har dei fått bra til i Sverige.

Så er det vanskeleg å spå om framtida. Ein ting er elevtal, men statistikkar fangar ikkje opp all tilflytting eller innvandring. Elevnedgangen kan fort bli mindre enn prognosar tilseier, og Noreg treng regionar som er på offensiven, ikkje på defensiven. Distrikta treng skular med allsidige, føreseielege tilbod. Distrikta treng også leiarar med større vyar enn å treffe best på rekneark. Distrikta på Vestlandet treng leiarar som kan byggje.

Den gong vi bygde landet

For vestlendingar kan byggje. Vestlendingar har bygd tunnelar, smelteverk, kraftliner, rullebaner og gondolbaner, og prisvinnande skulemiljø. - Vi byggjer noko! For hundre år sidan fekk offensive vestlendingar den ville ideen om å byggje landsgymnas «for gåverik ungdom frå heile landet». For femti år sidan bygde ein kortbaneflyplassar som ga utvikling til næringslivet, infrastruktur og folkevekst.

I 2024 flyttar vestlendingar rundt på tal i eit rekneark. Elevar, linjer, skular. Det er viktig å kome godt ut i forhold til budsjett. – Vi byggjer ned noko! Og så vert profetiane oppfylte. Er det DET distrikta treng? Er det dette som trengst for å snu utviklinga, ei utvikling som allereie peikar mot sentralisering, fråflytting, forgubbing? Ei langsam utarming av skular og skulemiljø er spikrar i kista for levande distrikt, og ei akselererande sentralisering. Kor gjennomtenkte er desse forslaga? Er det beste ein kan håpe på, at dette er det ikkje ein robot som har rekna ut?

Ynskje om ekte intelligens

Eg ynskjer meg ein administrasjon i Vestland fylkeskommune som brukar ekte intelligens, som er kopla til eit hjarte som bankar for distrikta. Eg ynskjer meg ei leiing som har ambisjonar og visjonar for heile Vestlandet, ikkje berre for sentrale strok. Og så ynskjer eg meg politikarar med tæl som ynskjer å byggje, ikkje byggje ned.

Men har vi det?

Anders A Fitje,

Artikkelen held fram under annonsen.

lektor, Firda vidaregåande skule