- Når det frå Noreg blir eksportert så mykje kraft som det blir og det er ENØK-potensial som ikkje blir utnytta, må det no bli naturmangfaldet og friluftsinteressene som får forrang, skriv Rita Tonning.

- Skal vassdragsnaturen ofrast for profitt?

Er det fare for utbygging av Gaularvassdraget og Guddalsvassdraget? Det vil vere uakseptabelt om dette får skje. Begge desse vassdraga er verna, og det av veldig gode årsaker.

Men også andre vassdrag i Sogn og Fjordane kan stå i fare; for eksempel Flåmsvassdraget og Strynevassdraget, men også mindre vassdrag som Storelva (Laukeland). I Sunnfjord-området er har vi i tillegg Nausta og Solheimsvassdraget som kan stå i fare for å bli utbygd.

I februar opna Stortinget for utbygging av verna vassdrag. Regjeringa ville visstnok avgrense utbygginga til der det kan forebygge flaum. Men Stortinget gjekk dessverre endå lenger.

Kvifor skal det ikkje utbyggast når vi har trusselen om klimaendringar? Vårt svar er at vi har også ei naturkrise. Den internasjonale naturavtalen forpliktar Noreg til å verne 30 % av vår natur. Skal ikkje dette også omfatte gjenverande vassdragsnatur? 

Vi har kraftoverskot her i landet, skriv NVE, vi eksporterer kraft og det blir satsa for lite på energieffektivisering og ENØK. Utbyggingsinteressene blæs opp eit framtidig kraftbehov ved også å leggje inn dei våte draumane frå profittbaserte og ikkje-samfunnsnyttige pengeinteresser.

Sognekraft har, i følgje Europower 17. februar, kasta seg over Guddalsvassdraget. I 1984 blei dette rekna ut dette vassdraget kunne gje 200 GWh (200 millionar kilowattimar).

På formannskapsmøtet i Sunnfjord kommune 8. mai blei det lagt fram ein såkalla Mulighetsstudie for flomsikring av Gaularvassdraget. Her blir det nemnt produksjon av 200-300 GWh.

Liknande utrekningar kan kome om dei andre vassdraga etter kvart. Kraftinntekter kan verke forlokkande for kommunar som får lågare økonomiske tilbakeføringar frå staten enn det som trengst for å utføre oppgåvene som den same staten krev av kommunane.

Når det frå Noreg blir eksportert så mykje kraft som det blir og det er ENØK-potensial som ikkje blir utnytta, må det no bli naturmangfaldet og friluftsinteressene som får forrang. Vi har tapt artsmangfald og leveområde for plantar og skapningar i eit aukande tempo. Plantar og skapningar er ikkje berre vilkåret for menneske sin eksistens – vi må evne å sjå eigenverdien i dette.

Vi har dei siste åra kunne konsentrere oss om den øydeleggjande vindkrafta. Skal vi no også måtte mobilisere til forsvar for verna vassdrag i tillegg? I Raudt er vi klare fordi vi set naturmangfald og friluftsinteressene over meir krafteksport og energisløsing.

Naturkrisa i Noreg er allereie ei enorm utfordring, som vist gjennom dei tallause inngrepa i vår natur. Vi taper natur, eit mangfald av artar og leveområde i eit katastrofalt tempo. Etter hundre år med kraftutbygging har to tredelar av dei store norske vassdraga blitt regulerte. Sju av dei ti høgaste fossane er bygde ut. Det er derfor ikkje berre fullstendig kunnskapslaust, men korttenkt og uklokt å fjerne vernet. Dei verna vassdraga er kronjuvelane i norsk natur, ikkje noko hovudlause politikarar skal få øydelegge.

Gjennom FNs naturavtale har vi forplikta oss til å verne 30 % av natur i Noreg. Det betyr også 30 % av vassdraga. Viss vassdragsvernet blir oppheva, er det eit stort steg i feil retning. 50 år med kampar, aksjonar, utgreiingar og prosessar enda med ei brei støtte for at det var på tide å la resten av dei store fossane og verdifulle vassdraga få vera i fred. Partia som stemmer for dette dreg altså opp ein debatt som heile Noreg eigentleg har lagt frå seg. Det at dei då i tillegg gjer dette utan ein brei offentleg debatt, og forankring i partiprogramma, er både sleipt og udemokratisk.

Rita Tonning, 

1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS