Ut frå kjende planar vil skje mykje positivt i og rundt Sandane sentrum dei komande åra, skriv Per Rune Vereide i dette innlegget. Foto: Privat

Sandane er stor nok til å bli ein større stad

«Sandane er stor nok til å bli ein større stad» - dette sa kommunestyremedlem for Senterpartiet Olaf Sigurd Gundersen i eit kommunestyremøte for nokre år sidan. Det har han heilt rett i!!

Mykje positivt

Dei komande åra vil det, ut i frå kjende planar, skje mykje positivt i og rundt Sandane sentrum. Det kjem nye bygningar med nytt innhald, sentrum blir vidareutvikla med noverande og nye butikkar, kontor, næringsareal og bustadar. Samtidig får vi nye felles uteområde som vert tilrettelagt både for gåande, syklande og bilistar. Alt dette vil vere med å styrke Sandane som kommunesenter og gjere det meir attraktivt som handelssenter.

Viktig grunnmur og ny utvikling

Den viktigaste grunnmuren for ny utvikling i Sandane-området er eksisterande næringsliv. Vi har mange flotte butikkar som tilbyr eit stort og godt utval av varer. Det er ikkje mange ting vi må ut av kommunen, eller på nettet, for å få tak i. Samtidig har vi eit allsidig næringsliv med spennande og framtidsretta arbeidsplassar innafor mange sektorar. Mange av bedriftene våre arbeider med innovative nye løysingar som vert viktige i det grøne skiftet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Handle lokalt

Ei viktig oppgåve for oss som er innbyggarar i Gloppen er å støtte opp om næringslivet vårt mellom anna ved å handle lokalt! Butikkane både på Sandane, i Hyen og Breim er avhengige av at vi glopparar brukar dei. Butikkane leve av omsetning og den omsetninga må vi som bur her bidra til vert best mogleg. Auka inntening for butikkane gjer at dei kan vidareutvikle seg med nye varer og betre tilbod.

Eit aktivt og spennande sentrumsområde vil og vere positivt for Sandane som skulestad.

Avgjerande viktig med vekst i Hyen og Breim

Skal vi få til ei god utvikling på Sandane er det avgjerande med vekst og utvikling også i Hyen og Breim. Sandane er avhengig av omlandet og omlandet er avhengig av Sandane. Kommunen må legge til rette for byggeklare tomtar, samt tilgjengeleg og tilrettelagt næringsareal i heile kommunen. Vi må kunne tilby gode kommunale tenester gjennom heile livsløpet. Dei som bur i Gloppen skal kjenne på trivsel og dei skal ha moglegheiter.

Heia Gloppen!

Eg heiar på heile Gloppen! For meg og Senterpartiet er det viktig å få til utvikling i heile kommunen. Målsettinga om at Gloppen skal vere tilflyttarkommune nr. 1 i Nordfjord står fast. Det har skjedd mykje positivt i kommunen vår dei siste åra og no må vi bygge vidare på dette. Å få til positiv utvikling i heile kommunen vert kanskje det viktigast politiske prosjektet i Gloppen kommunestyre dei komande fire åra.