– Rusavhengige skal få hjelp, ikkje straff

Venstre og regjeringa sitt framlegg til rusreform vart lagd fram på fredag. Venstre vil at rusavhengige skal få helsehjelp framfor straff. Dette vil gje dei den hjelpa dei treng og verdigheita tilbake.

I over 20 år har Venstre kjempa for ei rusreform som flyttar innsatsen frå å straffeforfølgje folk som er rusavhengige til å gje dei helsehjelp. For oss handlar det om at nokre av dei blant oss som har det aller tøffast, må bli møtt på eit heilt anna vis av storsamfunnet. Strafferegimet vi har hatt i mange tiår har ikkje fungert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg er på europatoppen i overdosedødsfall. I 2018 døydde 286 menneske av overdosar. Kvart einaste dødsfall er ein tragedie og syner at vi har ein ruspolitikk som ser god ut i teorien, men som skader meir enn han hjelper i praksis. Det er på grunn av dei skyhøge overdosetala at det hastar med å få på plass ei rusreform som gjev rusavhengige hjelp framfor straff.

Det faglege grunnlaget for reforma er solid. Heilt tilbake i 2002 gjekk ein samla straffelovkommisjon inn for reduksjon i strafferammer og straffeutmåling for narkotikalovbrot. Stoltenberg-utvalet viste, på lik linje med Venstre sitt landsmøte i 2010, til at tida var inne for ein rusreform. Regjeringa sitt rusreformutval slo i 2019 fast at straff ikkje reduserer rusbruk. Det er utdjupa i ein 416 sider lang fagrapport med internasjonal forsking og røynsler frå andre land. Vi må lytte til kunnskap og fagfolk.

Retninga regjeringa no foreslår for Noreg sin narkotikapolitikk er i tråd med tilrådingane frå alle FN-organ, som FN si fagavdeling for narkotika og kriminalitet, Det internasjonale narkotikakontrollbyrået, Verdas helseorganisasjon (WHO) og FN sin Høgkommisær for menneskerettar. Erkjenninga er at vi skal få til auka verdigheit for rusavhengige, må vi slutte å straffeforfølgje menneske som er sjuke og treng helsehjelp.

Strafferegimet som har vart i fleire tiår har smertefullt lært oss at straff ikkje fungerer for å få ned narkotikabruken i samfunnet. Tvert imot kan straff gjere vondt verre. Det kan gjere det vanskelegare for dei med rusproblem å søkje hjelp. Det kan gjere det vanskelegare for pårørande å avdekke rusproblem. Og det bidreg til stigmatisering, marginalisering og utstøyting av medmenneske som frå før er sårbare og utsette. Rusreforma vil gje desse menneska verdigheit. Det er det fyrste – og kanskje viktigaste – steget på vegen attende mot eit godt liv.

Venstre har i mange år vore tidleg ute med å foreslå endringar i norsk ruspolitikk, slik som kraftig styrking av offentleg innsats til oppfølging av rusavhengige og opne sprøyterom som hindrar overdosedødsfall. Med forslaget til rusreform vil vi endeleg setje punktum for mange tiår med feilslått ruspolitikk. No skal menneske som er avhengige av rusmiddel få hjelp framfor straff.

Guri Melby, partileiar i Venstre

Alfred Bjørlo, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre