– Regjering i revers

Støre-regjeringa sine fremste politisk prosjekt er reversering. I staden for å tenke forbetring og utvikling, er det nostalgi og tilbake til fortida som gjeld. Slik òg med domstolsreforma. Framfor å tenkje rettstryggleik, fagmiljø og interessene til brukarane, er det talet på sorenskrivarar som er viktig.

I Hurdalsplattforma har Sp fått gjennomslag for å reversere domstolsreforma. Ifølge justisministeren og Ap/Sp-regjeringa skal ein tilbake til den gamle ordninga, med mindre domstolsleiar, kommunane i rettskrinsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur. Snakk om omvendt bevisbyrde. Det er altså dei som vil behalde den nye domstols-strukturen som må forsvare den, mens dei som vil starte opp eit omfattande tids- og ressurskrevjande reverserings-arbeid ikkje ein gong treng å argumentere for synet sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt dette skjer medan alle sentrale aktørar i justissektoren har gitt støtte til domstolsreforma; Høgsterett, juristforbundet, dommarforeininga, domstolsadministrasjonen, førstelagmenn, nesten alle sorenskrivarar, fleire statsadvokatar og Økokrim-sjefen. Ja, til og med Barneombodet slår fast at ei reversering av domstolsreforma vil svekke tryggleiken til barna.

Forutan støtte frå alle sentrale aktørar, ser ein òg at domstolsreforma gir gode resultat. Nyleg skamroste statssekretær i justis- og beredskapsdepartementet, John-Erik Vika (Sp), for eksempel samanslåinga av tingrettane i Sogn og Fjordane. Den gode og desentraliserte modellen vår har vekt oppsikt nasjonalt, blir no kalla Sogn og Fjordane-modellen, og har tent som mal på samling av tingrettar andre stader i landet.

Ein skulle tru at Støre-regjeringa ville lytte til dei klare og overveldande råda frå alle fagmiljø med tilknyting til domstolane og justissektoren, og at domstolsreforma har gitt gode resultat. Slik er det altså ikkje. Arbeiderpartiet og Senterpartiet ser bort frå alt dette, og vil heller lytte til nokre få sorenskrivarar som vil ha tilbake gamlejobben sin.

Domstolane treng no stabilitet. Held Ap/Sp-regjeringa fram med reverseringstrongen sin, vil det skape uvisse både for tilsette og innbyggarar. Nye og velfungerande domstolar vil bli skadelidande, og tid og krefter vil bli brukt på ei blind re-etablering av ein domstolsstruktur det var stor semje om måtte endrast og moderniserast.

Sogn og Fjordane tingrett vil heldigvis ikkje bli direkte ramma av Ap/Sp-regjeringa sine reverseringsplanar, fordi denne kom på plass før domstolsreforma. Kva som skjer med jordskifterettane våre er derimot meir usikkert. Uansett er det ingen til om at eit reverserings-arbeid både vil koste tid og pengar, som ein heller kunne ha brukt til å gjere domstolane våre betre. Det vil òg gå utover brukarar av domstolane i Sogn og Fjordane.

Regjeringa bør no legge vekk alle planar om å gå tilbake til gårsdagens løysingar, og heller konsentrere seg om å utvikle og forbetre domstolane våre. Det er ikkje noko som går framover i revers.