Illustrasjonsfoto arkiv.

Opprop til støtte for kulturfaga i vidaregåande skule

Frå hausten av må elevar som vil ta dans- og drama opplæring i Vestland fylkeskommune, reise til Bergen. Det blir konsekvensen dersom fylkesdirektøren for opplæring får politikarane med på å ikkje vidareføre dagens tilbod ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Vi som har skrive under dette oppropet, vil på det sterkaste ta avstand frå ei dramatisk nedbygging av kulturfaga i distrikts-Vestland. Vi treng dagens tilbod på Firda vgs. for å rekruttere nye talent til kultursektoren og gje dagens unge eit kreativt opplæringstilbod.

Utdanningsprogrammet i musikk, dans og drama på Sandane har vore ei stor inspirasjonskjelde for kulturlivet i Sogn og Fjordane. Det faglege nivået har vore høgt, elevane har utfolda seg i store oppsettingar på skulen og i samarbeidsprosjekt med til dømes Opera Nordfjord, Teater Vestland, Teaterfestivalen i Fjaler og mange andre viktige kulturaktørar i fylket. Vi ser også at mange av elevane frå Firda gjer karriere i det profesjonelle kulturlivet både i eige fylke og på riksscener rundt i landet. Å ta vekk dans- og dramatilbodet på Firda slik fylkesdirektøren no gjer framlegg om, kjennest som eit knyttneveslag både mot kulturlivet og skaparkrafta i fylket vårt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi er klar over at søkjartalet til dans- og drama opplæringa på Firda vgs er relativt låg det komande skuleåret. Vi vil likevel be om at tilbodet vert starta. Tilbodet på Firda er det einaste dans/drama-tilbodet i distriktsdelen av Vestland. Vi veit at tilboda i Bergen er fylt opp med andre ungdommar. Dersom ein skal kunne ha bredde i opplæringstilbodet, og oppretthalde eit sterkt kompetansemiljø, må ein tole at det nokre år er noko lågare elevtal i enkelte grupper.

Det vil vere eit stort tap for kulturarbeidet i regionen vår om dans/drama tilbodet ved Firda vgs ikkje kjem i gang komande skuleår. Vi vil på det sterkaste tilrå at tilbodet kjem med i det endelege oppsettet slik at dei unge kan få oppfylt draumen sin om å stå på scena og skape rike kulturopplevingar for folk flest i bygd og by.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag v/dagleg leiar Nikolai Storevik

Dans uten grenser v/dagleg leiar Elisabeth Bustos

Bergen Dansesenter-kompetansesenter for dans i Vestland v/leiar Liv Basberg

Teaterfestivalen i Fjaler v/Torkil Sandsund

Kulturskulerådet v/rådgjevar Kristin Geiring og styreleiar Kjell Høgseth Felde

Gloppen Musikkfest v/festivalsjef Ola Tennes og styreleiar Hanne Oftedal

Artikkelen held fram under annonsen.

Ose Kammerspel v/festivalsjef Ann Karin Ose

Jølster Jazzklubb v/leiar Hallvar Helgheim

Norsk Countrytreff v/leiar Vegar Sårheim

Glopperock v/Remi Tystad

Fjordblues v/leiar Hans Andenæs

Opera Nordfjord v/operasjef Kari Standal Pavelich

Førdefestivalen v/direktør Sølvi Lien

Høgskulen i Volda, avd. kulturfag v/ Jon Are Steen

Artikkelen held fram under annonsen.

Balejazz v/Sigurd Kvikne

Griegakademiet v/Randi Rolvsjord

OnCue Music Production v/Kristin Sandal og Stig Kamonen

Trivselshagen – kultur v/dagleg leiar Ola Tarjei Kroken

Gloppen Kulturskule v/rektor John Rune Ødven

Stryn Kulturskule v/rektor Ingrid Schei Stuhaug

Sunnfjord Kulturskule v/rektor Trude Skarvatun

Stad Kulturskule v/rektor Benedikte Dæmring

Artikkelen held fram under annonsen.

Kinn Kulturskule v/Rektor Arne Sunnarvik

Sogn Kulturskule v/rektor Roar Sandnes

Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler v/rektor Mats Systaddal

Årdal Kulturskule v/rektor Sigyn Øren

Aurland Kulturskule v/rektor Katrine Clausen Fredheim

Danseverkstedet i Førde v/leiar Jorunn Reina

Teater Vestland v/teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og direktør Aud Marie Aasen

Bergen Nasjonale Opera v/direktør Olaf Mackenzie og Eivind Gullberg Jensen