Sju tilsette på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler er i streik for pensjonsrettar. Hege Lothe frå SV (t.h.) støttar streiken. Foto: Fagforbundet Vestland.

– Noregs viktigaste streik

Når noko stort og historisk står på spel er vi vane med at folk går til gatene. Då ser vi innslag med veivande flagg, kampanjeleiarar som står fram og held flammande appellar og sjukt høge delingstal på sosiale media.

Nett no er Noregs minste streik og viktigaste streik om pensjonsrettar i Fjaler. Og dei som står fremst i kampen for rettferdige pensjonsrettar er av det stillfarne slaget. Sju tilsette ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler er i streik. Smilande står dei der med oransje steikevestar ved Fagforbundet sitt streiketelt. Då eg var innom for å syne støtte fortalde dei at dei aller helst kunne tenkje seg å gå på jobb og ikkje vere streik. Arbeidsgjevar har lagt fram eit pensjonstilbod dei ikkje kan seie ja til. Ikkje minst med tanke på dei som kjem etter dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om det går stilt for seg, er det mykje som står på spel. Arbeidsgjevar vil erstatte den offentlege tenestepensjonen som dei tilsette har i dag med ein ordinær innskotspensjon som er ikkje er kjønnsnøytral, og i praksis varer den kun fram til fylte 77 år. Etter det må dei klare seg på folketrygda.

Fagforbundet vil ha livsvarig tenestepensjon for både kvinner og menn. Det vil seie at alle skal vere sikra ein livslang tenestepensjon, og den må vere lik for kvinner og menn på grunn av forskjellane i levealder. Det vil seie at det må sparast litt meir for kvinner.

Det er mange arbeidstakarar som er tilsvarande arbeidssituasjon innanfor til dømes velferdssektoren. I dag har dei offentleg tenestepensjon, medan arbeidsgjevarar ynskjer å endre til innskotspensjon. Arbeidarane i Fjaler tek difor kampen for mange fleire enn seg sjølve – dei tek kampen for dei som kjem etter dei og dei tek kampen for oss alle. SV støttar steiken og vonar at dei og Fagforbundet Vestland vinn fram.