– Mobilitet for unge kan avgjere om ein flyttar heim

NTP (Nasjonal Transportplan) har auka innhald og satsing på Barnas Transportplan. Det er 500 mill til øyremerka tiltak for å gjere skulevegen til born tryggare. Det er viktige midlar! Og erfaringa viser at relativt små midlar kan utgjere stor skilnad for å sikre tryggare kvardag.

Men NTP tar også opp eit anna spørsmål, og det er born og unge sitt behov for å kunne delta på fritidsaktivitetar. Der syner reiseundersøkingar at ei stor overvekt av desse reisene skjer med privatbil. Og det er til dels det same om ein bur i by eller distrikt. Forskjellen er at i by har ein fleire alternativ og meir kollektivtilbod å velje mellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokale transportmidlar

Vestland KrF meiner born sine sjansar til å besøke venner og delta i fritidstilbod er svært viktig. Det bør derfor i NTP, og seinare når vi kjem ti Regional transportplan, settast av midlar til lokale transportmidlar for born og unge, samt at fleksibel skuleskyss blir innført for alle.

Det første er midlar som gjer at ein kan sette opp bussruter heim frå tilstellingar eller aktivitetar. I mange kommunar vert dette styrt av Ungdomsrådet sjølve, etter søknad frå arrangør. Og ei meir «fast» ordning vart kalla «Heim for ein femti-lapp». I begge desse ordningane så er det tingingsruter, tilpassa aktivitet og bruk.

Fleksibel skuleskyss

«Fleksibel skuleskyss» er ei ordning der bussbiletten kommunen betaler for eleven på skulebussen også kan gjelde om du er att på skulen for å øve med korpset, og tar ein seinare buss heim. For ungdom som uansett har ungdomskort, vil dette stort sett vere ordna. Men for born og unge i grunnskule og ungdomsskule vil det vere ei veldig viktig ordning. Ein del stader er ikkje dette mogeleg å få til, rett og slett fordi det ikkje går andre rutebussar enn skulebussen. Men der det gjer det, og uavhengig av om det er fylket sin eigen buss eller ein kommersiell ekspressbuss, så må dette gå an å få til.

KrF meiner det er viktig å sikre ungdom i distrikta sjanse til å vere aktive og sosiale utanom skuletida. Det vil også knyte dei nærare til bygda si, og truleg også gje større sjanse for at dei flyttar heimatt etter endt utdanning.

Lappen til 16-åringar

Demografiutvalet foreslår at 16-åringar på bygda kan ta sertifikat, og slik få stetta trongen til å bli meir mobile. Det kan vere verd å prøve, gjerne kombinert med fartssperre eller andre trafikktryggings-tiltak. Når vi har eit Storting som tar vekk obligatorisk legesjekk hos eldre bilførarar, så trur eg neppe dette er verre tiltak for trafikktryggleiken. Ei innvending er at det skaper klasseskilje ut frå kven som har råd til bil. Innvendinga er reell, men gjeld også når ungdomen er 18 år.

KrF er svært opptekne av trygg skuleveg og born og unge sine sjansar til å delta i samfunnet, derfor vedtok årsmøtet til Vestland KrF følgjande uttale:

Barnas Transportplan; Trygg skuleveg

Barnas transportplan kom inn første gong i Nasjonal transportplan i 2017, etter initiativ frå KrF. I ny NTP er det viktig at denne vert gitt meir konkret innhald, og midlar.

Følgjande punkt meiner Vestland KrF bør vera med i Barnas transportplan:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Alle born har rett på ein trygg skuleveg.

• Alle born har rett på rassikker skuleveg

• Alle born har rett på at det minimum er ei god vegskulder å gå på langs fylkesvegen fram til der skulebussen stoppar.

• Alle born har rett på trygge trafikk-knutepunkt. Trafikk-knutepunktet skal ha tydelege skiljer mellom mjuke og harde trafikantar og vere trygge soner å ferdast i.

• Alle barn har rett til faste haldeplassar for kollektivtransport for skulevegen.

• Alle barn har rett på ein beredskapsplan når kollektivtransport vert innstilt eller skulevegen vert endra.

• Gang- og sykkelvegar må prioriterast langs høgt trafikkerte vegar og i tettbygde område.

• «Hjerte-sone» rundt skular er eit viktig tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Born og unge skal ha tilbod om kollektiv skyss til skule og fritidsaktivitetar når avstanden når grensa for fri skuleskyss.

• I distrikta må ein auke tilbodet med fleksible ruter og tilskot til ordningar som «Lokale transporttilbod for ungdom».

• Bybanen til Åsane vil vere ein pådrivar for utbygging av trygge gang- og sykkelvegar frå sentrum til Åsane i Bergen. Gjennom miljøløftet og byvekstavtalen vert byen tryggare for syklistar og fotgjengarar. Ei ordning som vert styrka ytterlegare gjennom ei sterk Bybane til Åsane vil bli eit viktig miljøtiltak innan kollektivtilbodet i Vestland fylke.

Mykje av dette krev større auke til fylkesvegar og dermed fylkeskommune. Med øyremerka midlar vil ein med nokså små midlar i NTP- samanheng kunne få tiltak som lokalt kan utgjera stor forskjell for trafikktryggleik.