Må stå saman

I Nordfjordrådet sitt møte i Stryn denne veka utfordra rådsleiar Alfred Bjørlo representantar frå dei fire vidaregåande skulane i regionen på kva samarbeid dei ser føre seg framover.

Ifølgje Fjordingen slo Bjørlo fast at kompetansemiljøet ved dei fire skulane er avgjerande for utvikling av regionen, og at det er svært viktig å greie å få til eit strategisk samarbeid og ikkje bli spelt ut ein og ein.

Firda-rektor Hallgeir Hansen understreka at det er avgjerande at ein står samla, heiar på kvarandre og stiller opp for kvarandre i saker som måtte kome. — Dei kjem, det treng ein ikkje lure på, og der treng vi å stå i lag. Klarer vi det, har vi ei heilt anna mogelegheit til å halde på strukturen vi har. Eg håpar det politiske miljøet i Nordfjord også kan tenkje på same måten, sa Hansen, ifølgje lokalavisa for indre Nordfjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje vanskeleg å stille seg bak Firda-rektoren sine ord, noko også dei andre rektorane i Nordfjord gjorde. Frå å vere eit eige fylke med 109.000 innbyggjarar, er vi no ein del av eit storfylke med langt over 600.000. Vegen til makta er blitt mykje lenger, og kjøtvekta i Vestland er heilt annleis fordelt enn ho var i gamle Sogn og Fjordane. Nordfjord ligg i utkanten av ei eining som strekkjer seg heilt til Sunnhordland, og med kring 30.000 innbyggjarar, utgjer Nordfjord-regionen mindre enn fem prosent av det totale folketalet i fylket.

Skal ein nå fram i ein slik konstruksjon, nyttar det ikkje å stå åleine. For å bli høyrd, må regionen samle seg der dette er mogleg. Dei interne kampane må leggjast til side til fordel for ein felles front. Ein må vere rause med kvarandre, og av og til innsjå at ein må gje slepp på noko til fordel for naboen. Det er betre det, enn at tilbod forsvinn lenger vekk.

Denne våren kjempa Firda vidaregåande skule og lokalsamfunnet i Gloppen ein innbiten kamp for at den tradisjonsrike skulen skulle bli tilført ei ekstra klasse etter at søkjartala var svært gode. Heldigvis såg fylkespolitikarane behovet, lytta til elevønska og fann midlane som skulle til for at fleire skulle få oppfylt førstevalet sitt for vidare skulegang.

Neste gong kan det vere ein av dei andre vidaregåande skulane i Nordfjord som opplever stor oversøking og har trong for å få tilført fleire plassar. Då må resten av regionen stille seg bak dette og bidra med ei hjelpande røyst inn mot dei som styrer.

Ved å sjå kvarandre, ha respekt for kvarandre, vere rause med kvarandre og spele kvarandre gode, kan dei vidaregåande skulane og kommunane i Nordfjord i fellesskap løfte heile regionen.

Alternativet kan fort bli ein region som tapar kampen mot kjøtvekta i fylket og dei regionane som er flinke til intern samhandling og samarbeid på tvers av kommunegrenser.