Kva vil du gjere for landbruket i Gloppen?

Fredag inviterte Gloppen ungdomsskule til utspørjing av kandidatane for partia i Gloppen. Litt ut i debatten stilte ein elev dette spørsmålet: Kva vil du gjere for landbruket i Gloppen?

SV vil halde fram med å satse på eit offensivt landbrukskontor som følgjer opp bøndene, og meiner at vi må gjere meir for at ungdom i Gloppen tek ei utdanning innanfor landbruket og gje dei hjelp til å finne ei framtid i næringa, og kommunen må vere ein aktiv medspelar for bøndene og nye verksemder knytt til landbruksnæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg er den nasjonale jordbrukspolitikken svært viktig. Bonde- og småbrukarlaget har sagt at det er SV som har den beste jordbrukspolitikken. SV er oppteken av at vi skal ha ein politikk som gagnar vestlandslandbruket.

Vi kjempar for å vri tilskotsmidlar slik at meir av jorda vert teken i bruk, også der det er bratt terreng, mellom anna gjennom eit driftsvansketilskot, og at det også skal vere mogleg å få ei inntekt på mindre bruk. Vi må sikre inntektsutviklinga i landbruket slik at bønder har inntekt som andre samanliknbare grupper i samfunnet, for å nemne noko. Andre parti kom også med sine perspektiv på landbruket.

Det er ikkje slik at ordførarkandidatar skal ha eigne ferdigsvar på alt. Det er ei like viktig ordføraroppgåve å lytte til innspel og utspel frå innbyggjarane, og byggje både politikk og framtidstru utifrå det. Men då vi kom til Høgre sin fyrstekandidat Jan Ove Rygg, fekk ungdomsskuleelvane og vi andre eit uventa (men kanskje oppklarande) svar: Han sa han ikkje hadde noko svar på spørsmålet, men om han vart ordførar så ville han kalle i hop til eit møte om kva vi kan gjere for landbruket i Gloppen – og la til at han likevel ikkje trudde svara frå SV og dei andre partia var dei rette svara.

Eg må seie eg vart overraska. Høgre sitt lokale slagord på store bannarar denne valkampen har vore: «Eit Godt Alternativ». Men er det det? Er det verkeleg eit godt alternativ å ha ein ordførarkandidat som ikkje har nokon svar i ein debatt om kva han vil gjere for landbruket i Gloppen?

Eg meiner at vi som er ordførarkandidatar i ein av dei største og viktigaste landsbrukskommunane i Vestland bør ha nokre svar på kva vi vil gjere for landbruket. Det har eg og SV. Så kan heller veljarane sjølv tenkje etter om dei likar svara.