KrF er friskular og folkehøgskular sin beste venn!

I Gloppen er vi så heldige å ha ein folkehøgskule. Det er 84 folkehøgskular i landet, og 33 av dei er drivne av kristne organisasjonar. Nordfjord Folkehøgskule er eigd og driven av Normisjon Region Sogn og Fjordane, og feirar 100 år i år. Og jubileet er feira med flott nytt påbygg og istandsetting.

Det er ikkje uten grunn at Nordfjord Folkehøgskule var noko av det Gloppen KrF ønskte å presentere for listetoppane frå Vestland KrF då dei var på rundreise i Nordfjord tidlegare i veka. Skulen har «spesialisert» seg på friluftsliv og brukar mykje tid ute i naturen. Det gjev unge viktig kompetanse og respekt for naturen. Noko som igjen gjev forståing for både klima- og naturkrise, rettferdig fordeling og eit forbruk tilpassa naturen si tålegrense. Det at mange unge kjem «ut på landet» og får oppleve eit år i vill og vakker natur, eit godt stykke unna storbyen, er med og gjev forståing for distrikta sine utfordringar. I tillegg er folkehøgskulen ein stor arbeidsplass i Gloppen med nesten 30 årsverk. Mange som kjem hit som lærarar buset seg seinare fast i kommunen. Slik sett er skulen ein viktig arena også for rekruttering til andre bedrifter i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkehøgskulane har hatt stor politisk velvilje hos dei fleste parti. Likevel merkar dei nokre snublesteinar, til dømes for elevar med ekstra utfordringar. Der er NAV blitt meir knipne på midlar til å dekke den tilrettelegginga som trengst, fordi det blir sett på som heimkommunen sitt ansvar å gje tilbod. Her må Stortinget skjere gjennom og sikre menneske med funksjonsnedsetjing like rettar som andre til å velje eit folkehøgskule-år.

Friskulane har ikkje same politiske støtta, særleg ikkje på den politiske venstresida. Det er synd, fordi ein friskule fungerer på mange måtar som ein folkehøgskule, med å tilby ein meirverdi utover det som står i læreplanen. Her trur vi det både kan ligge ein redsel for at friskulane ikkje held seg til læreplanen, og ei vrangforestilling om at han kostar det offentlege meir enn fylket sine eigne skular. KrF meiner det også for elevar i vidaregåande kan vere godt å få tilbod om miljøbyte, kanskje ein internatskule og tilleggsverdiar utover vanleg skuledag. I gamle Sogn og Fjordane har vi berre Sygna i Balestrand som tilbyr dette. Også der er skulen ein viktig lokal arbeidsplass og hjelper til på rekrutteringa i distriktet.

KrF vil gjennom alle politiske nivå der vi er representerte halde fram med å støtte og legge til rette for desse skulane. Det betyr på ingen måte at vi ikkje støttar og framhevar den offentlege fellesskulen, for det gjer vi. Men det er sunt å ha eit alternativ, og det er ein viktig rett at foreldre og elevar får velje skule.

Det var inspirerande å besøke Nordfjord Folkehøgskule, og vi gratulerer ein vital 100-åring. Og dei har rett; Nokre spor varer evig. La oss legge til rette for «gode spor» hos ungdomane våre!

Per-Ståle Husevåg, ordførarkandidat Gloppen KrF

Trude Brosvik, førstekandidat for Vestland KrF