Covid-19 virus: Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

– Kan ikkje halde fram slik lenger

Heilt sidan landet blei stengt ned som følgje av koronapandemien 12. mars, har nordmenn lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å få bukt med covid-19-viruset. Dei fleste har med glede stilt opp for å verne sårbare grupper i samfunnet, for å unngå at helsevesenet vårt skal knele og for å bidra til at vi skal kome oss gjennom pandemien med minst mogleg negative konsekvensar for arbeidsplassar, sysselsetjing og ikkje minst velferdsgode i framtida.

Etter at situasjonen roa seg i sommar, ser vi no aukande smittetal veke for veke. Særleg storbyane Oslo og Bergen er hardt råka, men vi skal slett ikkje tru at ikkje også våre område kan kome i ein situasjon der nedstenging av store delar av samfunnslivet blir nødvendig. Dei negative konsekvensane av dette er så mange og omfattande at kvar og ein av oss må bidra med det vi kan for å hindre at så skal skje. Det nyttar ikkje lenger å tenkje at dette ikkje gjeld meg, men alle andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der dei fleste er lojale mot smittevernråda, er det nokre som meir eller mindre gjev blaffen, arrangerer festar, reiser på kryss og tvers og lever liva sine som om alt i samfunnet kring dei er som det alltid har vore. Slik kan det ikkje lenger halde fram. Dei siste månadane har vist at enkelte nordmenn rett og slett ikkje er vaksne nok til å tenkje lenger enn sin eigen nasetipp. Det ser ut til å vere viktigare å kome seg på svenskehandel, invitere til festlege samkomer og leve tilnærma normalt enn å yte sitt bidrag til å stanse ein pandemi som kan få uana konsekvensar både på kort og lang sikt.

Dugnad blir definert som eit felles utført, uløna og frivillig arbeid som har noko å seie for fellesskapet eller ein enkeltperson. Når folk ikkje frivillig brettar opp ermane for fellesskapet når situasjonen er så alvorleg som han er no, må det sterkare lut til. Styremaktene bør sterkt vurdere å gjere fleire av smittevernråda til meir enn råd og i større grad bøtelegge dei som ikkje klarer å innrette seg. Når dugnad og frivillig innsats ikkje fører fram, er pålegg og tvang neste steg.

Alle kan vere uheldige og bli smitta av covid-19-viruset. Dette er slett inga skam. Det som er ei skam, er om ein bevisst ikkje bryr seg og ikkje prøver å unngå smitte og smittespreiing fordi viruset «ikkje er farleg for meg». Kanskje er det farleg for far din, bestemor di eller nokon andre du er glad i, og kanskje fører ny smittespreiing til at samfunnet må stenge ned og du mister arbeidsplassen din. Då blir det plutseleg litt farleg likevel.

Vi oppmodar nok ein gong om at alle må vere lojale mot smittevernråda og -pålegga styremaktene kjem med. Hald avstand, syt for god handhygiene, hald deg heime om du kjenner på luftvegssymptom, avgrens den sosiale kontakten og reduser tal nærkontaktar. Er vi alle flinke til dette, kan vi håpe på ei så normal julefeiring som mogleg i annleisåret 2020.

Er vi ikkje flinke, kan fleire miste livet og mange bli sitjande ufrivillig åleine i jula. Det ønskjer vi vel ikkje?