Jau; Høgre varslar nye kommunesamanslåingar og norsk EU-medlemskap

Senterpartiet vil styrke det lokale og nasjonale sjølvstyret og sikre tenester nær folk. Her går ei av dei mest sentrale skiljelinjer i norsk politikk i dag.

I eit svarinnlegg til meg og Senterpartiet prøver Høgre sin stortingsrepresentant Olve Grotle å bortforklare den merkbart store forskjellen det er mellom dei sakene Erna Solberg og Høgre løftar fram som viktige på Stortinget og i storbyane, og dei sakene folk lokalt i våre område er opptatt av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kvar har du vore, Erling Sande?

Grotle svarar ikkje på det eg spurde om, nemleg kvifor Høgre vil ta vekk viktige nye tiltak frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet langs kysten som gratisferjer og reduserte ferjeprisar, auka pendlarfrådrag, bygdevekstmidlar. Det hjelper neppe å spørje ein gong til.

Men når Olve Grotle seier at det er feil at Høgre vil trappe opp arbeidet for å få sendt ny EU-søknad og ikkje vil presse gjennom fleire kommunesamanslåingar, då må ein spørje seg om han i heile tatt var på Høgre sitt landsmøte eller har høyrt debattane i Stortinget dei siste månadane. I vårt opne samfunn kan heldigvis ein kvar gå tilbake og sjå kva formuleringar Høgre har brukt der.

I ein uttale vedtatt på Høgre sitt landsmøte i 2022, heiter det mellom anna at: «norsk EU medlemskap nå er blitt viktigere enn noen gang», og at partiet «vil innta en ledende rolle i en ny norsk EU-debatt».

Les også
Kven er du mest samd med, Olve Grotle?

Når det gjeld nye kommunesamanslåingar, så er også landsmøtet til Høgre klokkeklart. Her er vedtaket: «For å gjennomføre dette er det viktig å videreføre kommunereformen for å få større og mer robuste kommuner med tilgang på god fagkompetanse.»

I februar var Høgre sin kommunalpolitiske talsmann Mudassar Kapur ute og sa at dei lokale Høgre-folkevalde blir utfordra på å ta «nabopraten» for å få til fleire samanslåingar.

Det er sjølvsagt greitt å meine dette – men Høgre må tole å bli utfordra til debatt når nokre av oss har eit anna standpunkt også utanfor Oslogryta der desse standpunkta ikkje er så populære.

For Senterpartiet går til val på det tvert motsette av Høgre i desse sakene. Vi seier ja til nasjonalt sjølvstende og nei til meir sentralisering. No er hovudoppgåva å sikre gode tenester nær folk.