Høgre feilinformerer om skuleval

Tilsvar til Høgre, som diverre feilinformerer (eller ikkje har forstått) inntaksmodellen fylket har innført.

Det er rett at Vestland fylke ikkje lenger har eit reint karakterbasert inntak, der dei med best karakterar frå ungdomsskulen alltid er fremst i rekka til å velje skule. Sjølv om også den ordninga langt på veg fungerte, så hadde ho ei uheldig nedside. Nemleg at det var dei mest «skule-svake» elevane som måtte flytte på hybel, viss nærskulen deira hadde stor søknad. Desse elevane såg ein sjelden i avisene. Kven har lyst å stå fram med dårlege karakterar? I dagens samfunn er det dei vellukka som blir hylla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Det er på høg tid å gi elevane i Vestland valfridommen tilbake

Å sikre denne gruppa elevar var KrF sin motivasjon til å vere med å foreslå ein inntaksmodell med tilleggspoeng til dei næraste skulane. Politikk er etter vårt syn viktigast for dei som treng litt ekstra hjelp.

Det er rett at modellen har blitt endra på og forbetra. Høgre brukar det som bevis for at det er ein dårleg modell. Eg meiner tvert om at det viser vilje til å lytte og forbetre. Etter mitt syn er det alt for ofte mangelvare i politikken. Derfor har td fag som idrett fått mykje større søkarområde, fordi linjene på den enkelte skule er «spesialisert» inn mot ulike type idrettar. Og musikk, dans og drama har gitt elevar frå heile fylket like inntaksvilkår.

Eg trur det er rom for endå fleire forbetringar i modellen, men utan at ein går bort frå ordninga med tilleggspoeng. Fordi den ordninga er meint å hjelpe mot å måtte bli ufrivillig hybelbuar.

Det er verd å merke seg at elevane endå har rett til å søke på alle skular, og dersom det er ledig plass, så vil du kome inn sjølv om du ikkje har tilleggspoeng.

Så viss det er plass på Firda vgs til fleire enn dei som bur i Gloppen eller nærområdet, så vil dei konkurrere på karakterar som før til dei ledige plassane. Firda vgs og Sandane er kjent som ein god stad å vere hybelbuar, og tradisjonelt har mange som uansett må flytte på hybel, valt Sandane. Og kanskje er dette ei endring som ein bør sjå på; nemleg at elevar som uansett må flytte på hybel på grunn av reiseavstand til næraste skule, bør få velje friare mellom skulane, fordi det samtidig er eit val om kvar dei må bu.

I andre innlegg som Høgre har skrive om fritt skuleval, nyttar dei døme om elevar som ikkje får skuleplass i Bergen. Motspørsmålet til Høgre blir då; Er det godt at elevar med dei dårlegaste karakterane i Bergen skal reise ut av Bergen for å gå på skule? (I Firda Tidend-innlegget nyttar Høgre Førde som døme) Eller meiner Høgre at ein må bygge opp klassetalet i Bergen (eller Førde) for å ta imot dei som vil gå på skule der? I så fall vil det mest sannsynleg medføre at ein annan skule må skrenke inn eller legge ned tilbod. Og så får vi ein meir sentralisert vidaregåande skule. Det er i så fall ei utvikling KrF ikkje ønskjer. Det er allereie sterke samfunnstrendar for sentralisering, mellom anna fordi tal ungdomar i byane aukar medan det går ned i distrikta.

Høgre kan ha rett i at omgrepet «Fritt skuleval» er lettare å marknadsføre, men det treng altså ikkje vere best for det. Min motivasjon for å vere politikar er i alle fall å legge til rette for gode ordningar, og særleg ha eit auga mot dei som treng det mest.