– Gründerar bør også få «fødselspermisjon»

I Sverige har arbeidstakarar rett på seks månadar permisjon frå jobben om dei vil starte eiga bedrift. Det bør vi ha i Noreg òg.

Retten til foreldrepermisjon gjer det meir attraktivt å få barn. Men det er ikkje berre fleire barn Noreg treng framover. Under pandemien var rekordmange heilt eller delvis utanfor arbeid. For å legge til rette for fleire arbeidsplassar, innovasjon og vekst, bør vi også gje gründerar rett til permisjon frå jobb, akkurat som når ein blir forelder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenk deg at du har ein fast og godt betalt jobb i dag, men også set på ein idé til ei oppstarts-bedrift. Eller kanskje ein venn av deg er gründer. Kanskje kan ideen lukkast, tenkjer du, og eit nytt eventyr kan startast. Er det verdt å seie opp jobben for å prøve?

Men, så tenkjer du eit steg vidare. Kva vil banken seie, om du som har bustadlån berre seier opp jobben og all sikker inntekt? Og familien din, som du føler eit ansvar for å forsørgje? Tenk om det ikkje finst sikre jobbar til deg seinare om oppstarten feilar, eller du går tom for sparepengar?

Vi i Høgre meiner at staten skal heie på jobbskaparar.

I Sogn og Fjordane er vi gode på å tenkje nytt, og vi har mange spennande og innovative bedrifter. Fleire av desse er plasserte i dei nye gründer-miljøa vi har fått, som nLink (i Rockethouse Sogndal), INTIN (i Peak Sunnfjord) og Retrams (i Peak Florø), medan andre blomstrar i andre type samarbeid. Eg har besøkt mange av desse dei siste vekene, og må seie det har vore både kjekt, interessant og lærerikt. Visste du for eksempel at Paneda i Selje er heilt leiande i Europa når det gjeld DAB-teknologi? Og har du fått med deg kva elektromiljøet på Nordfjordeid får til? Eller Vendanor i Stryn?

Alle desse torde og dei satsa. Slike menneske bidreg til morgondagens arbeidsplassar og til at vi kan bevare velferdsnivået vi har i dag. Mange av dei som har best føresetnadar for å lukkast som gründerar, er dei med minst grunn til å forsøke, fordi dei allereie har gode og sikre jobbar. Samtidig vil det at fleire i fast jobb blir gründerar, gi nye moglegheiter for andre som i dag står utanfor arbeidsmarknaden, til å komme inn og få verdifull erfaring. Og kanskje overta. Det gir forslaget ein dobbel positiv effekt.

Høgre går til val på å legge alt til rette for dei med ein gründer i magen, slik at vi kan skape meir og inkludere fleire. Vi er ikkje redde for å la oss inspirere av andre. Kanskje kan òg ein Sverige-inspirert rett til gründerpermisjon gi oss eit norsk motsvar på Spotify? Eg er i alle fall heilt sikker på vi har mange gründerar med potensial til å skape gode og spennande bedrifter, som til og med kan bli store internasjonale suksessar.