– Grensar etter mi meining til sjølvskading

Planane til Coop Nordvest og samarbeidet med Firda Billag om utvikling og nybygg på Firda Billag-tomta i Sandane sentrum har skapt eit stort engasjement.

Eg er kjempeglad for at ein så stor og seriøs aktør som Coop har konkrete planar om utvikling og utviding av sin aktivitet på Sandane. Coop sine verdiar og mål om berekraft passar som hand i hanske til kommunen sine mål og som også er uttrykt i vår overordna samfunnsplan.

Dei fleste anerkjenner at daglegvarehandelen er lokomotivet for handel i kommunesenteret. Og når ein skal handle daglegvarer så krev det parkeringsplassar der ein kan lesse sine tunge handleposar inn i bilen for deretter å ta ein spasertur rundt til andre butikkar og møteplassar i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjordlandsbyen er ein visjon, den visjonen må tilpassast både kommunen sin økonomi, grunneigarane sine interesser og andre viktige rørte tema så som trafikk, flaumfare, havstigning og kvikkleire.

Eg stolar sjølvsagt på at Coop vil bidra med ei utforming av bygget som tek omsyn til både fjordfronten og at vi ynskjer at Gloppen skal ha eit inviterande kommunesenter. Utforminga av bygget og utnyttingsgraden av tomta er tema som kommunen skal bry seg om. Ein god og open dialog, der det og må vere ein føresetnad at kommunen sine politikarar forstår at prosjekt skal «reknast heim», vil bidra til at det blir gjort gode og berekraftige val.

For både å realisere Coop sine planer om eit kostnadseffektivt bygg og våre ynske om to etasjar, må vi kanskje bidra ut over det som er vanleg for oss som planmyndigheit. For min del ynskjer eg at Coop legg tal på bordet om kva det vil koste å legge til rette for ein framtidig 2. etasje. Kva blir dei ekstra kostnadane ved å fundamentere og oppdimensjonere? Jamfør korleis kommunen bidrog ved bygging på Grandane. Her gjekk kommunen langt; kommunen gjekk inn både langsiktig leigeavtale og med direkte støtte knytt til etasje nr. 2.

Kan det tenkjast at kommunen kjøper arealet/tomta på toppen av Coop-bygget? Kan det kommunale føretaket som Gloppen kommune har vedteke å opprette spele ei rolle her?

Aller helst ynskjer eg at private utviklarar inngår avtale med Coop. Her kan kommunen vere ein katalysator og pådrivar for å finne løysingar.

Eg er kjempeglad for at Firda Billag kan tenkje seg å flytte vasking og parkering av bussane ut av sentrum. Dette løyser etter mi meining ein gordisk knute. Vi skal ha ein bussterminal i sentrum, men vaskehall og langtidsparkering tek stor plass.

Kommunen kan bidra til å finne løysingar på fleire måtar; Firda Billag kan leige kapasitet i vaskehallen i blålysbygget på Kleivedammen/Mona, det føreset at ein finn passande parkeringsplass for bussane i nærleiken. Då vil dette vere ein klassisk vinn-vinn situasjon. Etter mitt syn og med min lokalkunnskap tenkjer eg at det må være mogeleg å finne parkeringsplass til 12-14 bussar i nærleiken av blålysbygget. Med tanke på parkering av bussane må kommunen vere katalysator og bringe Firda Billag i kontakt med aktuelle grunneigarar på industriområdet. Eller kan det vere andre og betre mogelegheiter i Eidsmona?

Det viktige for kommunen er uansett å bidra til å finne løysingar som passar inn i logistikkbehovet til Firda Billag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så er eg ikkje fullt så glad for korleis Coop og samarbeidspartner Firda Billag er blitt møtt av kommunen. Seinast i brev av 25. april 2019, underteikna av teknisk sjef på vegner av planforumet.

Slik brevet til Coop er formulert, med retoriske spørsmål og påstandar, samt den uautoriserte rolla som utadvent organ som planforumet tek på seg, grensar etter mi meining til sjølvskading. Ikkje berre for kommunen sin administrasjon, men for heile det politiske miljøet som har late dette utvikle seg. Planforumet representerer ikkje kommunen ut åt, planforumet er ei arbeids- støttegruppe som førre rådmannen oppretta. Gruppa har ingen rettar ut over det å vere rådmannen sin rådgjevar. Den påtroppande kommunedirektøren må etter mi meining straks sjå på rolla og samansetjing denne interne gruppa bør og skal ha.

I brevet til Coop og i fleire møte med oss politikarar har teknisk sjef uttrykt at det ikkje er så farleg å vedta føreliggande områdereguleringsplan med føresegner. Coop kan jo berre kome med sitt eige forslag til detaljregulering, seier han. Underforstått at Coop sin plan vil kunne få løyve «opp i vegen». I motsetning til dette seier Coop at deira planer ikkje vil vere foreinlege med den føreslegne områdereguleringsplanen. Kven har rett?

Eg meiner at teknisk sjef heilt har sett vekk frå kva som gjeld når det er gjort eit juridisk bindande reguleringsvedtak. Det er ikkje lenger mogeleg å ta på forskot at detaljreguleringsplanar som er i motstrid med overordna plan vil kunne få gjennomslag. Dersom detaljreguleringsplanen til Coop blir påklaga, kan Fylkesmannen setje endeleg bom for denne med å vise til kommunen sin overordna områdereguleringsplan.

I samband med denne og liknande saker som har versert dei åra eg har vore kommunepolitikar, føler eg at eg må minne om fylgjande; det er kommunestyret som i tråd med kommunelova er suveren myndigheit i Gloppen kommune. Ordføraren har fått si myndigheit av kommunestyret og rådmannen styrer sine troppar i tråd med dei instruksar, delegasjonar og reglement som kommunestyret har vedteke.

Så lenge kommunestyret held seg til alle relevante lover, er kommunestyret sjef. Det er berre Fylkesmannen og departementet som i tilfelle kan overstyre kommunestyret.

Alle offisielle eller uoffisielle organ, utval, arbeidsgrupper og planforum knytt til Gloppen kommune si drift må tilpasse seg dette hierarkiet.