Gloppen er toppen!

Eit gamalt slagord frå 1980-talet er treffande framleis. Utviklinga i kommunen er positiv, fordi det er «liv laga» i heile kommunen. Med Sandane som «motor» har ein likevel greidd å utvikle bygdene i Breim og Hyen.

Det skal vere framtidsretta, godt og trygt å bu i heile kommunen. For Senterpartiet er utvikling i HEILE kommunen noko som har vore viktig over lang tid. Den geografiske spreiinga av kandidatane frå Sp til kommunevalet viser at ingen geografiske område i kommunen er gløymde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom arbeidet med ny arealplan, som vart vedteken i juni, har vi greidd å legge til rette for areal som sikrar utvikling av ny/meir næring og nye bustadar. Sikring av det store næringsarealet på Teita på Breim vil gje grunnlag for ny næring og nye industriarbeidsplassar.

For Senterpartiet var det avgjerande å få dette til utan at ein tok dyrka areal, som er livsnerven for den store landbruksnæringa i kommunen. For oss er det ikkje nok at ein lukkast éin stad i kommunen. I ein langsiktig og framtidsretta arealpolitikk må vi greie å sikre areal til utvikling, utan å ta dyrka jord.

Utviklinga av, og trua på, store og små bygdesamfunn er i sentrum av Senterpartiet sin politikk heilt frå nasjonalt nivå, via fylka til kvar enkelt kommune. For Sp i Gloppen vil det aldri vere godt nok å lukkast berre på Sandane!

Ei viktig oppgåve for det nye kommunestyret blir å sikre nok arbeidskraft til eksisterande og nye bedrifter. Difor er ei av målsettingane i valprogrammet til Senterpartiet at Gloppen skal bli tilflyttarkommune nr. 1 i Nordfjord.

Tilgang på arbeidskraft er kanskje den største trusselen for næringslivet i kommunen. Her trur Sp på eit endå tettare samarbeid mellom næringsliv og kommune, noko vi vil legge til rette for den komande fireårsperioden. Kan vi knytte næringslivet tettare på grunnskuleutdanninga for å synleggjere eit mangfald i utdanningsmogelegheitene til born og unge kommunen?

Vi er gode på kultur og idrett, samtidig har vi eit breitt spekter av fritidsaktivitetar for born og unge. Men er vi attraktive for «unge» vaksne? Har vi møteplassar for nyutdanna 25-åringar utan tidlegare tilhøyrsle til kommunen? Sjølvsagt må vi ha attraktive bustadar og leilegheiter både for familiar og einslege.

Vi må ha plass i velfungerande barnehagar, med inntak fleire gongar i året. Gode skular med stor nok plass er i boks på Breim, vi er i ferd med å sikre dette i Hyen, og vi har ein jobb å gjere på Sandane. Men truleg må det tenkjast fleire kloke og kreative tankar kring «busettingsattraktivitet» i komande periode, og dette må settast høgt på agendaen.

Senterpartiet har hatt ordførarmakt i Gloppen i mange år, og vi har hatt det fordi de som innbyggarar vil at det skal vere slik. Vi har utøvd makta i kommunestyret oftast gjennom breie politiske forlik, ikkje gjennom ufin maktbruk. Fornyinga i Senterpartiet skjer ved at vi får nye folk på val-listene. Ei framtid for heile Gloppen, med utvikling både på Sandane, Breim og Hyen er målsettingar vi ikkje bytter ut. Senterpartiet er garantisten for at det blir slik også i neste valperiode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anders Felde,

gloptimist og 6. kandidat på Sp-lista til kommunevalet i Gloppen