– Gledeleg at norsk teiknspråk blir ein del av ny tolkelov

Norsk teiknspråk er likeverdig med norsk talespråk og skriftspråka nynorsk og bokmål, og blir no inkludert i ny tolkelov. At regjeringa snur og legg avgjerande vekt på den nye språklova i sitt framlegg til ny tolkelov, gjev oss klare forventingar til opplæringslova dei skal sende på høyring til sumaren.

Kunnskapsdepartementet la nyleg fram ein proposisjon om ny tolkelov for Stortinget. Frå å ha ynskt at teiknspråktolking ikkje skal vere ein del av denne lova, har dei no ombestemt seg. Som grunngjeving er det lagt avgjerande vekt på føremålet med språklova som Stortinget nettopp har vedteke, og statusen teiknspråk har fått der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa fortener skryt for å leggje viktige nye føringar i språkpolitikken til grunn for ny politikkutvikling. Dette er i tråd med det vi i Noregs Mållag har forventa, når vi meiner den nye språklova må føre til eit taktskifte for norsk språkpolitikk. Det regjeringsoppnemnde utvalet som i ein NOU kom med framlegg til ny opplæringslov, hadde i for liten grad teke innover seg at opplæringspolitikk er språkpolitikk. Det er på opplæringsfeltet store delar av den praktiske språkpolitikken blir utøvd. Den nye språklova og praksisen regjeringa har lagt seg på i ny tolkelov, gjev von om ein ny opplæringspolitikk som tek omsyn til nynorsken sin status og posisjon. Sårbare nynorskelevar fortener ei opplæringslov som sikrar dei ei betre lese- og skriveopplæring. Det er også Stortingets vilje. Det er vanskeleg å tolke det annleis.