– Fylkeskommunen har påført seg riper i lakken

Vidaregåande opplæring er ei av dei største og viktigaste tenester fylkeskommunen tilbyr.Det handlar mykje om legitimiteten til fylkeskommunen. Gjennom den vidaregåande skulen møter ein ungdom sitt framtidige utdannings- og yrkesval, her møter ein foreldregenerasjonen, her møter ein næringslivet sitt behov for arbeidskraft, her møter ein regionar og kommunars utviklingsbehov og her er ein med på å skape viktige kompetansearbeidsplassar i kommunane.

To krevjande prosessar

Vestland fylkeskommune har i vår køyrt samtidig to prosessar knytt til vgs. Justering av utdanningstilbodet til hausten basert på søkjartal og parallelt ei stor sak om strukturelle endringar i vgs. Dette har vore og er svært krevjande. Det har ført til tidenes største engasjement, elevar er sette opp mot kvarande, næringsliv er sett opp mot kvarandre, kulturinteresser er sette opp mot kvarandre, kommunar og regionar er sette opp mot kvarandre. Det blir opplevd kom kaos. Dette kan fylkeskommunen som skal vere ein samlande part ikkje vere bekjent av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Distriktsskulane blir taparen

Skal ein ta opp og ned utdanningstilbod kvart år etter mindre svingningar i elevvala og elevtalet er det klart kven som blir taparen. Det er distriktsskulane, byskular og store skular greier desse svingingane utan at totaltilbodet vert svekka. Den desentraliserte vgs blir sett på ei hard prøve.

Riper i lakken

Det blir reist viktige spørsmål om kunnskapsgrunnlaget bak den administrative tilrådinga. Ein kan også spørje om dei administrative forslaga er forankra internt i fylkeskommunen, og korleis dialogen har fungert. Mange rektorar seier at forslaga kom heilt overraskande på dei. Dette har ført til at rektorar og tilsette er blitt pressa til å gå aktivt ut mot sin eigen organisasjon. Det er ikkje veldig mange år sidan ein slik arbeidsmåte ikkje var «god latin». Fylkeskommunen har gjennom denne saka påført seg stygge «riper i lakken». Riper kan ein enkelt og utan store kostnader rette opp. Verre blir det om det vert «bulkar», dei er vanskelegare å rette opp og er langt meir kostnadskrevjande!

Svein-Ottar Sandal,

Sandane