Ei slik form for fotball er både destruktiv og demoraliserande

Jølster spelte heime mot Sogndal 2 på Skei 4. oktober.

Kampfakta: 1-15, der Sogndal stilte med 11 spelarar som har registrerte A-kampar for Sogndal denne sesongen. Blant desse var begge toppscorarane til Sogndal i OBOS-ligaen, Jonsson og Grønner. På sidelinja Tore André Flo i spissen for ein heil delegasjon frå Sogndal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mål for Jølster eit kjempetalent, knapt 15 år gammal, reservekeeper som måtte steppe inn då førstemålmannen var skada.

Rått parti mellom proffar og glade amatørar.

Dette var tredje siste serierunde i 4. divisjon, der Sogndal 2 kjempa om opprykk til 3. divisjon saman med Årdal. Ved sesongslutt etter 22 kampar står begge laga med same poengsum, og Sogndal rykker opp med eitt mål meir i målforskjell enn Årdal, 106-23 mot 103-21. Jølster kjempa mot nedrykk.

Her er både Årdal og Jølster taparar – men mest Årdal.

La det vere sagt med éin gong: Det er regelverket det er noko riv ruskande gale med. At Sogndal har utnytta dette maksimalt, står det heller ikkje særleg respekt av. Ei slik form for fotball er både destruktiv og demoraliserande. I kjølvatnet skal det bli vanskeleg å rekruttere unge, lovande talent til ei fotballframtid.

Arnold Nilsen, den store norske dommaren som dømde internasjonalt på 1980-talet, sa: «Det skjer mye i fotballen som ikke står i regelverket, men da må man spørre etter intensjonen med spillet.»

Intensjonen kan på ingen måte vere denne som til dei grader vart eksponert på Skei 4. oktober.

Vi er ganske sikkert mange som ikkje ynskjer denne utviklinga for fotballen i bygdene våre. Sogndal har her ikkje gått føre med godt eksempel.

Artikkelen held fram under annonsen.