Fjernpoliti gjev ikkje tryggleik

Det er snart 5 år sidan høgreregjeringa lanserte den såkalla «nærpolitireformen». 27 politidistrikt skulle bli til 12 og ei rekke lensmannskontor over heile landet vart lagt ned og slått saman. Sentraliseringa skulle gje eit betre, meir effektivt og meir synleg politi.

Dei som var kritiske til reforma vart avfeia med at dei var bakstreverske og ønskte seg tiår tilbake i tid. Det låg nemlig i sjølve namnet ”nærpolitireformen” at dette ikkje ville vere ei sentraliseringsreform, vart det hevda. I dag er det få av regjeringspartia som brukar omgrepet ”nærpolitireformen” lenger. Sjølv Høgre og FrP ser no ironien, og kallar det no ofte berre ”politireformen”, og Arbeiderpartiet har langt på veg innrømma at det var ein tabbe å støtte den.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar kom ein av dei fyrste rapportane frå forskarar. Rune Glomseth ved Politihøgskulen slår fast at nær alle toppleiarane i politiet no vedgår at reforma har ført til at politiet har blitt meir hierarkisk, fått meir formalisering og rapportering. Det har blitt større avstand mellom toppleiinga og fyrstelinjetenesta og politileiarane er blitt fjernare frå det politifaglege arbeidet.

”Nærpolitireforma” skulle føre til betre polititenester. Eg meiner at ein viktig del av betre polititenester er eit politi som er til stades, som driv førebyggande arbeid og er med på å hindre kriminalitet, i tillegg til å etterforske den som skjer.

Faktisk.no viste i ei analyse frå i fjor til at satsing på patruljepolitiet som skulle erstatte dei lokale polititilsette har ikkje ført til kortare responstid, men lengre. Tilliten til politiet har gått ned i nesten alle politidistrikt. Funna i undersøkingane er alvorlege. Sjølv om kritikken av reforma aukar, held regjeringspartia fast på å forsvare reforma. For å bøte på dei opplagde manglane ved reforma, føreslår justisministeren no meir ”mobil tenestestad struktur” – i praksis bubilar som vert innreia som kontor. Dette vil aldri kunne erstatte eit nærpoliti, eit politi med tilsette som er ein del av lokalsamfunna sine.

Senterpartiet har heile tida peika i ei anna retning. Eit nærpoliti kjem ikkje berre køyrande innom sentrum i kontorbil ein dag i veka eller patruljebil på laurdagskveldane. Nærpolitiet er i lokalsamfunna, kommunane og bydelane over heile landet til ei kvar tid. Dei kjenner næringsstruktur, sosiale utfordringar og ungdomsmiljø. Dei har den lokale kunnskapen som er uvurderleg i det førebyggande politiarbeidet og lokalkunnskap som er viktig når kriser oppstår.

Førebygging er ikkje så lett å måle som talet på patruljerunder, kontrollar eller responstid. Men det sparar samfunnet for store kostnader på sikt. Og ikkje minst: eit politi i heile landet gjev politiet større tillit – og vi treng ikkje å sjå langt utover i verda for å sjå verdien av det. Målet må vere ei ny regjering frå neste haust som prioriterer førebyggande politiarbeid og nærleik til polititenestene i heile landet.

Erling Sande,

fylkesstyremedlem for Senterpartiet