– Ei ny tid for distrikts-Noreg

Året 2020 har vore ei berg-og-dal-bane av dei sjeldne. Midt i koronaepidemi, nedstengingar og smittevern, har det også skjedd raske samfunnsendringar som ber kimen i seg til ei ny tid for distrikts-Noreg.

Rett før jul publiserte både Aftenposten og Dagens Næringsliv dystre kommentarar om kor dyrt det er å ha folk buande rundt om i Noreg utanfor dei største byane. Dagens Næringsliv sin kommentator skriv om «Den fryktelig dyre utkantdrømmen». Aftenposten sin kommentator skriv om at Noreg treng «...en politikk for nedbygging av distrikter».

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg trur dette er skivebom – og ein tankegang som høyrer til ei tid som snart er forbi.

For det første: Vi som bur langs kyst og fjordar på Vestlandet, skal minst av alt gå rundt og ha dårleg samvit for at vi er ein kostnad for resten av Noreg. Alle næringane Noreg skal leve av i framtida – fiskeri og havbruk, maritim teknologi og grøn skipsfart, fornybar energi og energiforedling, mineral- og prosessindustri og berekraftig reiseliv – er avhengig av at det bur smarte folk som lever gode, moderne liv over heile Noreg. Snarare enn å vere eit problem, er det ein enorm styrke at vi har eit land som «heng saman» frå nord til sør, med gode utdanningssystem, trygt helsevesen, moderne samfunn, rikt kulturtilbod og fiber- og 4G-nett. Det gir oss eit unikt utgangspunkt for framtida.

For det andre: Eg trur Oslo-avisene sine kommentatorar tar feil på eit heilt sentralt punkt. Det er ikkje folk sine draumar om eit godt liv som skaper «suget til storbyen». Folk sine draumar er mangfaldige.

Med teknologi-revolusjonen vi har opplevd som følgje av koronakrisa, er to av dei viktigaste hindera for at fleire vel å bu i distrikts-Noreg vekk: Langt fleire arbeidsgivarar opnar for at du kan gjere jobben din andre stader enn i eit kontorbygg i ein stor by. Og utdanning kan tilbydast digitalt utan å klumpe folk saman på få, store campus.

Fridomen dette opnar for å skape framtidssamfunnet, er nesten utan grenser. I framtida bør det ikkje vere store statlege og private arbeidsgivarar som styrer kvar folk flyttar. Det vil vere opp til små og store lokalsamfunn å gjere seg attraktive nok til at folk ønskjer å leve sitt gode liv der. Ein fridomsrevolusjon der det er folk, ikkje staten som styrer livsvalet.

Så er vi så heldige at Storting og Regjering no nettopp har fått på bordet to viktige, jordnære og matnyttige rapportar om framtidas distriktspolitikk: Distriktsnæringsutvalet og «Demografiutvalet», under leiing av Victor Norman. Begge rapportane syner kva som må til for å bygge ned dei enno gjenståande barrierane for at langt fleire enn i dag kan ta andre livsval enn å bu i ein storby. Det handlar om relativt rimelege, enkle ting som at staten legg til rette for at folk kan jobbe desentralisert over heile landet – i små, tverrfaglege statlege kompetanse-hubar snarare enn store, gammaldagse «etatssiloar» i større byar. At universitet og høgskular får eit tydeleg oppdrag om å legge til rette for eit meir desentralisert og fleksibelt utdanningstilbod, med mindre studiesenter/campus også i distriktsregionar. Å ta dei gjenverande små stega for å sikre full fiberdekning og sørge for rask utbygging av 5G til heile Noreg. Å nytte verkemidla i Husbanken til å få til meir bustadbygging også i mindre sentra i distrikta, slik at det finst ein variert privat bustadmarknad for dei som vil prøve livet på ein mindre stad for ein kortare periode.

Dette er ingen «...fryktelig dyr utkantdrøm», slik Dagens Næringsliv skriv om. Dette er ein reformstrategi for eit meir moderne samfunn – der folk får meir fridom til å gjere sine eigne val. Og ikkje minst: Ein strategi som er nødvendig og lønsam for Noreg som nasjon. Både for å unngå dramatiske gap og konflikter mellom by og land, og for å kunne ta ut verdi av dei næringane vi skal leve av i framtida.

Men på eitt punkt har Aftenposten og DN rett: Vi kjem ingen veg med å klage over kor gale alt er i distrikts-Noreg, og å bygge kunstige skiljelinjer mellom by og land. Det er dei liberale, grøne, reformvillige og framtidsoptimistiske stadane som vil vinne kampen om folka. Det er dit folk vil flytte av fri vilje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då treng vi ein sunn, realistisk debatt om korleis vi kan gje endå fleire høve til å prøve ut livet i distrikts-Noreg. Som Victor Norman seier det: Det handlar om Norge. Eitt Norge – med plass til ei heil verd av ulike draumar om eit godt liv.

Alfred Bjørlo,

innstilt 1. kandidat for Venstre til Stortinget i Sogn og Fjordane