Det offentlege må eige all ny vindkraft

I desse dagar legg SV fram eit forslag om at vindkraft skal ha same krav til eigarskap som vasskraft, noko som vil bety at minimum to tredjedeler av all ny vindkraft skal eigast av enten stat, fylke eller kommunane. SV vil òg at det skal gjelde ved fornying av konsesjonar. Så langt støttar ikkje Ap og Sp dette. Høgresida er sjølvsagt mot forslaget.

Men historia om det moderne Norge er forteljinga om gode politiske vegval. Den progressive tradisjonen etter Venstre-høvdingen Johan Castberg, kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet i 1935, industrireisinga etter krigen, er demokratisk sosialisme kombinert med regulert kapitalisme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi kan vere stolte av mykje av det som vart gjort, men kanskje det viktigaste er måten vi har handtert dei gåvene som naturen har gitt oss. Det ser ut som mange har gløymt det i debatten om vindkraft.

I byrjinga av 1900-talet var utbygginga av kraftanlegg rundt fossane våre i full gang. Då som no, ville sterke økonomiske krefter ha kloa i krafta vår.

Den gongen sa vi nei. Høgresida kalla det «panikklovene», strategane i Venstre (som då var eit heilt anna parti enn i dag) kalla det konsesjonslovene. Kort fortalt sytte vi for at naturressursane vart under nasjonal, demokratisk kontroll gjennom strenge krav til eigarskap.

Krona på verket var heimfallsretten, som sørga for at kraftanlegga kjem tilbake på offentlege hender etter ein avgrensa konsesjonsperiode. På det grunnlag kunne vi bygge norsk industri, basert på rein og fornybar energi. Vi tok heile landet i bruk.

Nokre generasjonar seinare fann vi olje. Det er det mange land som har gjort, men få har klart å bygge så sterke nasjonale ressursar rundt oljefunna sine som oss. Vi etablerte eit nasjonalt oljeselskap, bygde kompetanse, sørga for demokratisk kontroll over konsesjonane og innførde eit skatteregime der staten sit att med brorparten av inntektene. Vi bygde ein endå sterkare velferdsstat, og har 14 tusen milliardar kroner i oljefondet.

Og det ville truleg ikkje ha skjedd i dag.

Tax Justice Network fann i ein rapport frå 2021 at 42 prosent av vindkraftproduksjonen er eigd eller vert finansiert frå skatteparadis. Det betyr at vi ikkje veit kven som tenar pengar på norsk vindkraft.

SV foreslår altså at vindkraft skal ha same krav til eigarskap som vasskraft. Og blir møtt av ein kald skulder av bransjen sjølv, skuffande nok. At Høgre strittar imot, bør ikkje overraske nokon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så får vi håpe at dagens regjering har store nok visjonar til å støtte SV sitt ønske om nasjonal kontroll over vindkrafta.