Kvifor ikkje flytte avdeling for jordbruk, miljø og skogbruk til eit nærast tomt kommunehus på Skei, i staden for å spreie kommuneadministrasjonen utover i Førde, undrar Nils Einar Kjøsnes m.a. på i dette innlegget. Arkivfoto

Best før, ofte brukbar etter?

Best før, ofte brukbar etter?

Ja, det står det på mjølkekartongen. Kan vi bruke det same om politikarane?

Det er snart val og kven skal vi velje inn i kommunestyre og fylkestinget?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er snart fire år sidan vi i Sunnfjord vart ein storkommune og ved valet for fire år sidan var det mange lokalpolitikarar som lovde «gull og grøne skogar». I ettertid ser vi at det var mange valløfte som ikkje er blitt innfridde. Sunnfjord kommune (SK) fungerer godt på mange måtar men på ein del område er det ikkje som det skal vere. Her kan eg nemne fleire døme, men vi som bur på Skei legg spesielt merke til noko når mørketida no kjem.

På Jølster kommunehus er det ikkje mange lys å sjå, her er det om lag 30 kontor som ikkje er i bruk. I dag jobbar det nokre på servicekontoret og nokre har sporadisk kontor. I praksis er største parten av bygget mørklagt. Etter kommunesamanslåinga vart tidlegare rådmannen i Jølster tilsett for m.a. å få til aktivitet og lys igjen i kommunehuset. Kort tid etter at ho fekk jobben valde ho ein annan jobb i SK. I ettertid har ho ikkje blitt erstatta av noko andre.

Omlag eitt år seinare tok eg opp spørsmålet om etterbruk på eit møte som Jølster Næringforum arrangerte. Etter møtet tok underskrivne og då leiaren i Jølster Næringsforum kontakt med nokre i administrasjonen i SK om at vi måtte få til meir aktivitet/arbeidsplassar i kommunehuset. Etter å hatt fleire møte med representantar i adm. i SK og kontakt med lokal politikarar, så var det ikkje måte på kva ein kunne få til. Det vart mykje fine ord, men svært lite handling. Etter eit år så trekte eg med ut for her skjedde det ikkje noko. Nyleg har eg snakka med Nærrådet på Skei og Skei Miljøutvikling. Dei bekrefta at det ikkje var noko planer frå SK når det gjaldt arbeidsplassar, men dei jobbar med å få til ein ungdomsklubb i kommunehuset.

Her har vi altså om lag 30 kontor som ein kan flytte inn i morgon. Enklaste måten å få til arbeidsplassar på Skei er å ta desse kontora i bruk. Etter erfaring med pandemi, heimekontor og utbreidd bruk av teams har det opna seg mange moglegheiter med desentraliserte arbeidsplassar for næringslivet.

Kva med å begynne med å flytte jordbruk/miljø/skogbruks avdeling i SK til Skei? I dag er Rådhuset i Førde sprengt og kommune adm.er fordelt ut på Øyrane og Førdehuset. Før samanslåinga var dåverande Jølster kommune den største jordbrukskommunen av dei fire som gjekk inn i SK.

Dersom vi hadde fått etablert 30 arbeidsplassar på Skei, så hadde det betydd svært mykje for lokalsamfunnet. Det ville vore med å bidra til å sikre m.a. barnehagar, skular, legekontor og butikkar på Skei.

Eg har lagt merke til at når det er snakk om 30 arbeidsplassar i Førde, då kappast ein del parti i media, inkludert ordføraren, om å få etablert nye arbeidsplassar. Men Skei har dei gløymt.

Brendehaugane Utbyggingselskap, som eg er medeigar i, jobbar for å få flest mogleg til å busette seg på Skei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi har hatt stor aktivitet, spesielt det siste året. Her er det mange unge som har etablert seg i Brendehaugane byggefelt og det er svært gledeleg. Siste tomt i byggetrinn (bt). 1 er under bygging og vi ventar no på å få starte å bygge ut bt. 2.

For ca. to år sidan fekk eg omsider opp leiaren av plan og næring til Skei, då fortalte eg at no må vi få godkjent bt.2 i Brendehaugane, slik at vi kan tilby byggeklare tomtar etter at vi hadde bygt ut bt.1. Det første kommentaren eg fekk var: At du gidd! Det er då ein lurer på: Er det kommunen som er til for meg, eller er det eg som er til for kommunen?

Vi er fleire som er opptatt av næringsutvikling og legge til rette for vekst på Skei. Men vi er fleire som er svært skuffa over våre lokale politikarar som kjem frå øvre del av Jølster. Nokre av dei har sete lenge i politikken og satsar på ein ny periode i kommunestyre i Sunnfjord kommune og nokre t.o.m ein plass i fylkespolitikken.

Mi erfaring etter snart fire år i ny kommune er: Bruk stemmeretten din og vel inn politikarar som ikkje berre «lovar gull og grøne skogar», men politikarar som er å stole på og jobbar for næringsutvikling i heile Sunnfjord kommune.

Godt val!

Mvh

Nils-Einar Kjøsnes