Ap- og Sp-ordførarane i Vestland krev auka tilbod til bøndene!

Jenny Følling.

Alle Ap- og Sp-ordførarar i Vestland fylke står bak denne uttalen, som vert sendt til Regjeringa ved landbruksminister, finansminister og statsminister.

Jordbruksoppgjeret er meir enn eit lønsoppgjer, det handlar også om beredskap og mattryggleik i ein større samanheng. Likevel er det slik at årets lønnsoppgjer har sett ned eit viktig prinsipp. Reallønsvekst særleg til lågtlønsgruppene. Dette må også gjelde i jordbruksoppgjeret. Vestland har mange små gardsbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er stor avstand mellom jordbruket sine krav og statens tilbod. Me ber staten strekke seg så langt råd er for å kome jordbruket sitt krav i møte. Statens tilbod til jordbruksoppgjeret er spesielt svakt for Vestlandet. Landbruket på Vestlandet har dei største utfordringane i bransjen, særleg gjeld dette mjølkeproduksjon og småfeproduksjon, med mindre bruk enn snittet. Vestland fylke har flest mjølkebønder med drift i båsfjøs. I 2021 var over 700 båsfjøs i drift, noko som utgjorde nær 70% av alle mjølkebruk i drift i fylket.

Mange vurderer no avvikling framfor investering, grunna svak økonomi i produksjonen. Vestland fylke har mange familiebruk i dei fleste produksjonane, der mjølkebruka er berebjelken i distriktslandbruket, og det er mjølkebruka som i stor grad held oppe grunnlaget for fagmiljø, møteplassar, næringsmiddelindustri, service og verkstadar.

Det er viktig at regjeringa no følgjer opp eigne lovnadar i Hurdalsplattforma, og gjev næringa tydeleg prov på at dei tek aktivt grep for å betre økonomien i næringa, og tettar inntektsgapet til andre yrkesgrupper.

Vestland fylkeskommune har tidlegare sendt sendt eit innspel til jordbruksoppgjeret og me stiller oss fullt bak dette, i tillegg ber me regjeringa særleg om følgjande:

• Ramma for jordbruksoppgjeret må aukast

• Mjølkeproduksjon på Vestlandet og i distrikta må særleg styrkast

• Husdyrproduksjonane på Vestlandet og i distrikta elles må styrkjast med særleg vekt på å stimulere til auka grovfôrproduksjon og utmarksbeite

• Auka løyvingane til infrastruktur i skogbruket, særleg til å bygge framtidsretta skogsbilvegar og til å sikre driftsapparatet til taubane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsing

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland (Sp)

Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn (Sp)

Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen (Sp)

Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger, (Ap)

Ola Teigen, ordførar i Kinn, (Ap)

Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord, (Ap)

Kjetil Felde, ordførar i Fjaler, (Sp)

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjell Eide, ordførar i Hyllestad, (Ap)

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund, (Sp)

Petter Sortland, ordførar i Høyanger, (Ap)

Arnstein Menes, ordførar i Sogndal, (Sp)

Ivar Kvalen, ordførar i Luster, (Sp)

Hilmar Høl, ordførar i Årdal, (Ap)

Audun Mo, ordførar i Lærdal, (Ap)

Trygve Skjerdal, ordførar i Aurland, (Sp)

Artikkelen held fram under annonsen.

Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik, (Ap)

Hallvard Oppedal, ordførar i Gulen, (Sp)

Per Lerøy, ordførar i Austrheim, (Ap)

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar i Voss, (Ap)

Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar i Ulvik, (Ap)

Anders Vatle, ordførar i Eidfjord, (Sp)

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang, (Ap)

Torgeir Næss, ordførar i Kvam, (Ap)

Artikkelen held fram under annonsen.

Lars Fjeldstad, ordførar i Osterøy, (Sp)

Hege Eide Vik, ordførar i Vaksdal, (Sp)

Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver, (Sp)

Linn Kristin Engø, ordførar i Bergen, (Ap)

Trine Lindborg, ordførar i Bjørnafjorden, (Ap)

Hilde Enstad, ordførar i Kvinnherad, (Ap)

Gaute Straume Epland, ordførar i Stord, (Ap)

Sammy Olsen, ordførar i Bømlo, (Sp)

Artikkelen held fram under annonsen.

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar i Etne, (Sp)

Linn Therese Erve, ordførar i Sveio, (Ap)