Dåverande Sogn og Fjordane vart utsett for fleire ras i 2019. No meiner Nasjonal rassikringsgruppe at dei får for lite midlar. Foto: Audun Braastad/NTB scanpix/NPK.

Meiner Vestlandet får for lite rassikringsmidlar

Nasjonal rassikringsgruppe ved Jenny Følling (Sp) og samferdslepolitisk talsperson i Sp, Siv Mossleth, meiner Vestlandet og distrikta får for lite midlar til rassikring av vegar, og at midlar frå Austlandet må overførast.


– Ein veldig stor del av dei totale midlane til samferdsle går til det sentrale Austlandet. Vi må sjå om vi får vridd meir pengar over til rassikring i distrikta, seier samferdslepolitisk talsperson i Senterpartiet Siv Mossleth til NRK.


Mossleth og Jenny Følling (Sp), nyvald leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, viser til dårleg vegstandard, manglande rassikring, ferjer og tunnelar på Vestlandet.


NRK skriv at Statens vegvesen før jul berekna at det vil koste 71 milliardar kroner å rassikre det norske vegnettet, medan stortingspolitikarane på same tid peika på at det trengst 24 milliardar kroner.


Følling krev kraftig auke i løyvingane og meiner det er dårleg balanse i løyvingane til Austlandet og Vestlandet.


Ho viser blant anna til at jernbanesatsinga Indre intercity, som skal bygge ut dobbelspor frå Oslo til Hamar, Tønsberg, Hønefoss og Sarpsborg, vil koste 148 milliardar kroner. Ho meiner dette synleggjer at det bør vere overkommeleg å bruke 71 milliardar til å rassikre det totale vegnettet i Noreg.


Nestleiaren i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Morten Stordalen (Frp), avviser at Vestlandet og distrikta bør få ein større del av samferdslebudsjetta.


– Det må brukast endå meir til rassikring i åra som kjem, men å setje landsdelar opp mot kvarandre blir feil. Dette verkar å vere eit typisk Sp-utspel for å sanke fleire veljarar i distrikta, seier Stordalen til NRK. Han legg til at det blir brukt mykje pengar til samferdsle på Vestlandet, og viser til at ferjefri E39 er berekna å koste 340 milliardar kroner. (©NPK)