Lokalaviser. Foto: Karoline Riise Kristiansen.

Mediebransjen blør – ventar permisjonsrush



Koronakrisa har ført til bratt annonsefall og krisestemning i mediebransjen. Parat Media ber om omplassering av annonsekonsulentane internt i bransjen.


I ei fersk undersøking frå Handelshøyskolen BI blant toppleiarar i mediebedriftene i landet svarer 85 prosent at dei har permittert eller vurderer å permittere sine tilsette no. Berre 15 prosent svarer at det ikkje er aktuelt å permittere no, skriv Kampanje.


53 toppleiarar frå mediebransjen har svart på undersøkinga.


– Dei signala som kjem, er svært ille. Eg har aldri sett maken på mine meir enn 40 år i bransjen. No er det permisjonar og svarte natta dei fleste stadene, seier medieforskar Erik Wilberg til nettstaden.



Bad om krisepakke

Særleg hardt blir papiravisene ramma, der 83 prosent av respondentane svarer at annonseutviklinga er særs negativ, og 13 prosent seier ho er noko negativ. For desktop og mobil svarer rundt 50 prosent at utviklinga er særs negativ og 40 prosent noko negativ. 62 prosent av medieleiarane svarer at lønnsemda totalt er svært negativ og 13 prosent at ho er noko negativ.


Mediebedriftenes Landsforening (MBL) bad torsdag regjeringa om ein krisepakke på 1 milliard kroner til media, og Landslaget for lokalaviser har bede om at aviser med eit opplag på under 15.000 får eit ekstra tilskot på 150 millionar kroner, og at staten og kommunane kjøper annonsar i alle redaktørstyrte medium.



Ber annonsekonsulentane få jobbe med andre ting

Parat Media, som organiserer mange innanfor mellom anna annonsesal, marknad og administrasjon i mediebransjen, ber om samarbeid internt i bransjen for å hjelpe medlemmene deira.


Ifølgje Parat Media-leiar Liz Ovesen stuper annonseinntektene, og annonsekonsulentane får mindre å gjere.


– Samtidig blir det meldt om høg aktivitet på kundesenter og distribusjon. Vi oppmodar til samarbeid innanfor bransjen slik at dei som blir permitterte, kan tilbydast mellombelse stillingar der det blir ropt etter hjelp, seier Ovesen.


(©NPK)