Oslo 20181012 Direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Hallvard Østrem / NPK

– Mange fylkesparti seier ikkje kva dei meiner om språk


– Valresultatet seier lite eller ingenting om kva som skjer med språkpolitikk i fylkestinga dei neste fire åra. Partia i Vestland og Nord-Noreg, skil seg likevel litt ut, meiner direktør Per Magnus F. Sandsmark ved Nynorsk kultursentrum.




Han har kartlagt kva alle fylkespartia meiner om språk før valet i september. I eit nesten 40 siders dokument tek han for seg kva alle parti som stiller liste til fylkestingsvalet meiner om språkpolitikk i kvart fylke. Skrifet har tittelen "Den som teier, samtykkjer kanskje.»


Hovudinntrykket hans er at dei fleste partia ikkje seier kva dei meiner om språkpolitiske stridstema før fylkestingsvalet. Nokre funn overraskar han likevel meir enn andre.



– Tonar ikkje flagg i stridstema

– Det overraskar meg at partia ikkje tek klare standpunkt i fylke der det er strid om språk, seier han til Nynorsk pressekontor.


Han meiner dette er mest tydeleg i Møre og Romsdal. Der var det, ifylgje Sandmark, denne fylkestingsperioden berre tre stemmer som avgjorde at fylkeskommunen framleis skal ha nynorsk som administrasjonsspråk.


– Likevel er det berre to parti som no meiner noko som helst om det, seier Sandsmark. Det er Sosialistisk Venstreparti som er for nynorsk administrasjonsspråk, og Høgre som er mot.


Dette er ikkje einaste gongen fylkespolitikarane er uklare i språkpolitisk stridsspørsmål.


– Dei få gongene parti tek tydlege og til dels kontroversielle standpunkt, er det få eller ingen som har programfesta motstandspunktet, skriv Sandsmark i rapporten. Han slår mellom anna fast at ingen parti stør sidemålsordninga, medan Høgre og Framstegspartiet i dei fleste fylke – og Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Troms og Finnmark ifylgje Sandsmark vil søkja om å forsøk for avvikla eller endra ordninga drastisk.



Nynorsk viktig i Vestland

Direktøren ved Nynorsk kultursentrum synest samtidig det er overraskande kor viktig nynorsk ser ut til å vera for dei politiske partia i Vestland fylke.


– Nynorsk er viktig for nesten alle partia i det nye fylket, og det er ein tydeleg felles identitetsbyggjar på tvers av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane – anten det er Folkeaksjonen nei til meir bompengar eller det er Høgre. I Hordaland trur eg ikkje dette har stått så tydeleg i dei politiske programma tidlegare, seier Sandsmark.


Miljøpartiet Dei Grøne er ifylgje han det einaste partiet i fylket som ikkje har sagt noko om dette. Han konstaterer at ein her har fått ei tydeleggjering av kor viktig nynorsken er som felles identitet.


– Høgre skriv rett ut at nynorsken bind vestlendingane saman, og Folkeaksjonen nei til meir bompengar meiner at dei vestlandske forfattarane og det nynorske språket er noko av dei viktigaste identitetsmarkørane i heile fylket.



– Også språkleg medvit i nord

Sandsmark synest det tverrpolitiske engasjementet for nynorsk i Vestland fylke er interessant. Han fortel at han ser litt av det same i Nord-Noreg, der fleire parti i fleire fylke har programfesta samisk- og kvenskspråkleg kompetanse i fleire tenester.


– Dette med samisk i Troms og Finnmark liknar veldig på korleis partia omtalar nynorsk i Vestland, seier Sandsmark, som konstaterer at dei politiske partia i Vestland og Nord-Noreg skil seg litt ut i høve kor opptekne dei er av språkpolitikk.



Håpar på meir bevisstgjering

Direktøren ved Nynorsk kultursentrum strekar i ei pressemelding under at gjennomgangen ikkje er noko tilråding om kva folk bør røysta i valet, men eit opplysningstiltak om kva partia meiner om språk i valkampen 2019


Sandsmark seier til Nynorsk pressekontor at han håpar gjennomgangen på sikt fører til at partia blir meir medvitne om språkansvaret og språkpolitikken dei har, og at det kan bli tydlegare for veljarane kva partia meiner.