Illustrasjon LMG marin.

Lyser ut tilbodskonkurranse

Nordfjordbrua AS har lyst ut ein tilbodskonkurranse for å få inn forslag til konsept for bru mellom Anda og Lote.





Konkurransen er lyst ut på den offentlege
anskaffingsportalen Doffin, der selskapet inviterer til å gje tilbod på
utarbeiding av 3D-modell og teknisk og økonomisk konsept for planlegging
og  seinare realisering av Fjordkryssinga.





– Rivande teknologisk utvikling





– Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru mellom
Anda og Lote, seier styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo.





– Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling innanfor bru-bransjen, mellom anna drive fram av Statens vegvesen sine utviklingsprosjekt knytt til ferjefri E39. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit prosjekt som passar godt for mange av dei nye teknologiske løysingane og metodane som no blir utarbeidde i marknaden. Vi er difor svært spente på responsen i konkurransen som no blir utlyst, seier Alfred Bjørlo.





Nordfjordbrua as gjennomførde hausten 2018 ein emisjon for å finansiere eit forprosjekt for Fjordkryssinga Anda Lote. Emisjonen var vellukka og aksjekapitalen er no auka med over tre millionar kroner, med eit breitt spekter av bedrifter og privatpersonar i regionen som nye aksjonærar. Nordfjordbrua vidarefører emisjonen fram til generalforsamling i vår, slik at endå fleire skal få høve til å bli aksjeeigar i selskapet.





Ferjeavløysingsprosjekt 





Selskapet har tidlegare utarbeidd  Trafikk- og finansieringsanalyse for
Nordfjordbrua Anda-Lote som syner at Nordfjordbrua er eit
ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar
for nærings- og samfunnsutvikling.





Selskapet har hatt møte med Statens vegvesen regionalt, Kystverket og Samferdsledepartementet, og har fått klarsignal frå Samferdsledepartementet til å arbeide vidare med planane for realisering Anda Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt.





– Målet vårt no er å få fram eit best mogleg samla grunnlag for å få godkjenning av bruløysing, finansiering og organisering av prosjektet. Det blir også ei viktig oppgåve å få forankring og støtte for fjordkryssinga i nye Vestland fylkeskommune som eit ferjeavløysingsprosjekt som er med å binde nye Vestland fylke saman, seier Alfred Bjørlo.