Lokale tilbod

Eit år går fort, og nok ein gong nærmar vi oss det som er den viktigaste tida for mange næringsdrivande. Særleg for aktørar i  handelsbransjen er ein god julehandel eit vere eller ikkje vere. Mange skal leve på omsetnaden i november og desember i dei første, stille månadene i det nye året.

I motsetnad til tidlegare, då ein gjerne handla dei varene ein trong i nærområdet, er det i dag lett å falle for freistingane å gå forbi dei lokale næringsdrivande og gjere innkjøpa sine i større byar og ikkje minst i nettbutikkar. Nettet har skapt ein heilt annan kvardag for mange bransjar, og takka vere stordriftsfordelar og låge kostnader kan mange nettbutikkar freiste med prisar dei lokale kjøpmennene ikkje har sjanse til å overleve på.

Men før ein vel vekk det lokale tilbodet, bør ein tenkje seg godt om. Ikkje minst bør ein tenkje over konsekvensane dette kan medføre for området ein bur i. Kort sagt treng sjølvsagt alle omsetning for å leve. Forsvinn omsetninga, forsvinn grunnlaget for å drive butikk og dermed også breidde i det lokale tilbodet, arbeidsplassar, skatteinntekter til kommunen, all aktiviteten og ikkje minst dei mange positive effektane eit levande handelsliv har for ein tettstad.

Har du til dømes tenkt på kor lite spennande det er å trakke rundt i ein småby eller tettstad der tomme butikkvindauge grin mot deg? Kva gjer dette med attraktiviteten til denne staden? Eller kven som gong etter gong stiller opp og sponsar ulike lag og organisasjonar, og ikkje minst gjev ungdomen din sjansen til å få viktig arbeidserfaring gjennom sommarjobb eller arbeid som laurdagshjelp? Det er vel ikkje nettbutikken i Oslo, Paris eller Miami som gjer det?

Å handle lokalt gjev oss mykje meir enn berre den vara ein kjøper. Vel vi å vrake det lokale tilbodet til fordel for utanbygds handel, kan ikkje vi klage den dagen vi ikkje lenger har noko lokalt tilbod – med alle dei negative konsekvensane dette har. Sjølvsagt skal vi ikkje ha dårleg samvit om vi lar oss freiste av enkelte tilbod når vi er ute på reise og handlar litt både her og der, det ønskjer vi også at andre gjer når dei vitjar vår bygd eller by. Men det er slett ingen motsetnad i dette. Poenget er at det først og fremst er lokalbefolkninga som må halde liv i dei lokale butikkane ved å ha som hovudregel at ein gjev den lokale kjøpmannen sjansen først. Det er også lokalbefolkninga som sterkast får merke dei negative sidene om butikkdørene blir låste for alltid.

Så skal vi naturlegvis også stille krav til at dei næringsdrivande er gode nok for at vi skal bruke dei. Vi må kunne vente at dei har eller kan skaffe dei varene vi etterspør, yter god service og held eit fornuftig prisnivå. Gjer dei det, skulle det berre mangle at vi ikkje brukar dei og viser at vi set pris på at dei vågar å satse og legg ned ein svært stor innsats for å halde dei lokala tilboda i gang. Ikkje å handle lokalt, er i mange tilfelle ris til eiga ræv.

Og det er vel ikkje noko vi ønskjer?