Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Leitar etter antatt omkomen

Leitar etter antatt omkomen

Ein mann i 50-åra blei meldt sakna etter at ein bil blei teken av jordskredet ved Årnes på sørsida av Jølstravatnet tysdag. Mannen blir no antatt omkomen.

Politioverbetjent Wenke Hope seier til VG at søket etter mannen er gått over til søk etter ein antatt omkomen person.

– Det er ei vurdering som er gjort av staben til politimeisteren på grunn av tida som har gått og omstenda rundt dette. Pårørande er også varsla om det, seier Hope til hovudstadsavisa.