Odd-Erik Lothe har skrive musikk til framsyninga «Vestland, Vestland». Her sit Claus Sellevoll og Sigrid Moldestad på scena. Foto: Espen Nyttingnes, Teater Vestland.

Vestlands-samanslåing til scena: – Frå brølande apar til inneslutta lodottar

– Vi er eit veldig samansett fylke, frå brølande apar til inneslutta lodottar. Det sprikar jo til alle kantar i dette fylket, seier manusforfattar Finn Tokvam. Han har skrive teaterstykket «Vestland, Vestland» som har urpremiere denne veka.

Satirisk og poetisk

På scena representerer Sigrid Moldestad og Claus Sellevoll kvar sitt fylke i det arrangerte ekteskapet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. Framsyninga hadde urpremiere 27. august, og skal rett ut på Vestlandsturne etter det.

– Etter fem månader med teatertørke, gler vi oss veldig til endeleg å ha premiere på eit heilt nytt stykke, seier teatersjef i Teater Vestland, Bodil Kvamme, til NPK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Claus Sellevoll og Sigrid Moldestad personleggjer giftarmålet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i teaterstykket «Vestland, Vestland». I stykket dukkar dei opp i forskjellige parodiar av kjente vestlendingar. Foto: Thor Brødreskift.

Da Kvamme fekk ideen til stykket «Vestland, Vestland», som tek for seg samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland, spurde ho Finn Tokvam om å skrive manus. No er det klart for urpremiere, med etterfølgjande turne i det nye fylket. Stykket er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret, med Arvid Ones på regi.

– Eg har følgt prøvene og synest det blir ei flott framsyning. Ho er både satirisk og poetisk, lun og med snert. Det håpar vi publikum òg vil synest, seier Kvamme.

Arrangert ekteskap

At manusforfattaren er ein sogning som har budd lengre i Hordaland enn i eige heimfylke, kan vere grunnen til at han har relativt god tru på at samanslåinga kan gå bra.

– Det er jo eit arrangert ekteskap dette, men det kan jo gå bra det og. Kjærleiken kan jo rusta og hatet kan veksa, så å følgje kjærleiken er ikkje alltid rette vegen å gå, seier manusforfattar Finn Tokvam om fylkessamanslåinga, til NPK.

Men det er ikkje til å stikke under ein stol at storfylket er mangfaldig.

– Vi er eit veldig samansett fylke, frå brølande apar til inneslutta lodottar. Det sprikar jo til alle kantar dette fylket, seier han, utan å presisere kvar apane og lodottane er å finne, reint geografisk. Det overlèt han til publikum å filosofere rundt, til liks med spørsmålet om kven vestlendingen eigentleg er.

Frå steinalder til Gulating

I eit drygt år har han jobba med manus, som er det første teatermanuset han har skrive heilt på eiga hand. Geografisk får publikum bli med heilt tilbake til korleis landskapet blir forma og korleis det forma vestlendingane, millionar av år tilbake. Menneskeleg sett blir vi med tilbake til Gulatinget, og tilbake til steinaldervestlendingen og til vår tid.

– Kva dreiv steinaldervestlendingen på med? Var det fisk? Var det flørting? Eg vart bedt om å skrive stykket som ein kommentar til samanslåinga av Vestland. Da tenkte eg at eg måtte sjå på kven som vart ført i hop. Kor kjem vi frå, kven er vi og kva tar vi med oss inn i ekteskapet. Det er ei krass kjærleikserklæring til Vestlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg prøver å visa litt korleis vi er, i vårt møte med kjærleiken og døden, til dømes. Beherskar Vestlendingen komplimentet? Det er litt større ting eg prøvar å bryta ned. Å gjere noko humoristisk og fornuftig ut av det, var utgangspunktet, fortel Tokvam.

Turné

På scena er Moldestad og Sellevoll eit slags ektepar som representerer kvart sitt fylke. Tokvam har òg lagt vekt på å gjere det poetisk, og Odd-Erik Lothe har skrive musikk til stykket.

– Vi skal ha det kjekt, og det kjem vi til å trenge i haustmørkeret. Komme saman i trygge rammer og le litt av og med oss sjølve, seier Sigrid Moldestad i ei pressemelding før premieren.

Etter urpremieren i Førde, skal teaterstykket på turné til 27 små og store spelestader i heile det nye fylket.

Reint fysisk er det berre dei to skodespelarane som står på scena gjennom heile framsyninga. Men hadde ein talt alle karakterane som dukkar opp på scena, av kjende og ukjende vestlendingar frå begge dei gamle fylka, ville dei talt ein stor gjeng, poengterer teatersjefen.

– Det hadde vore morosamt å talt kor mange som blir framstilt. Da hadde det vore ein veldig stor turne, seier Kvamme.

– Vi gler oss enormt til å møte publikum, seier teatersjef i Teater Vestland, Bodil Kvamme. Det er første gong på fem månader at teateret skal møte eit levande publikum frå scena. Kvamme presiserer at dei følgjer alle smittevernreglar under turneen. Foto: Espen Nyttingnes.
F.v. Regissør Arvid Ones, skodespelar Claus Sellevoll, manusforfattar Finn Tokvam og skodespelar Sigrid Moldestad. (Som òg har tatt biletet)
Claus Sellevoll og Sigrid Moldestad personleggjer giftarmålet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i teaterstykket «Vestland, Vestland». I stykket dukkar dei opp i forskjellige parodiar av kjente vestlendingar. Foto: Espen Nyttingnes, Teater Vestland.
«Vestland, Vestland» tek for seg fylkessamanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, og gir svar på eitt og anna du ikkje visste at du lurte på om fylka. På scena står Sigrid Moldestad og Claus Sellevoll. Foto: Espen Nyttingnes, Teater Vestland.