Syng saman med El Cuero

Rockebandet frå Kristiansund gav tidlegare i år ut sitt fjerde album, ”Victor’s Justice”, til terningkast fem både i Dagbladet og VG. Singelen ”A Deadline In Your Soul” vart A-lista på P1. Laurdag 17.august spelar dei på Glopperock.

I originalversjonen av ”A Deadline In Your Soul” har bandet med seg Tuva Syvertsen, for mange kjent frå gruppa Valkyrien Allstars. Når bandet kjem til Sandane, blir det med Linn Katrin Øygard i Syvertsen sin stad.

Det er ikkje første gong Øygard syng på ”A Deadline In Your Soul”, det gjorde ho òg tidlegare i sommar, under Midnattsrocken i Lakselv. Samarbeidet kom til litt tilfeldig, fortel Linn Katrin Øygard. El Cuero hadde bite seg merke i bandet til Øygard, Bergtatt, i samband med festivalen i Lakselv.

– Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars som eigentleg syng på låta er litt i same sjanger, så dei tenkte vel at eg kunne passe inn, seier Øygard.

Les heile saka i papirutgåva måndag.