Marit Iren Lefstad med nokre av måleria sine under utstillinga på Jølstramuseet.

Stiller ut i Stardalen

I sommar har du sjansen til å få sjå biletkunstnar Marit Iren Lefstad sine kunstverk i Stardalen.

Stardalen Sommarkafé i Jølster ønskjer igjen velkomen til kunstutstilling på loftet.

Årets utstillar er Marit Iren Lefstad, som dei siste par åra mellom anna har stilt ut i galleriet ved Jølstramuseet på Vassenden og i Gamlebanken på Nordfjordeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marit har lang erfaring som kunstnar, og har eit svært variert uttrykk, med stor breidde både i motiv og fargeval. Homålar både abstrakt og naturalistisk, hovudsakleg med akryl.

Store delar av sommaren blir brukt på hytta i Dvergsdalsdalen i Jølster, og kunstnaren hentar mykje inspirasjon frå naturen i området.