Anne Wiig i rolla som Raudhette. Foto: Espen Nyttingnes/Teater Vestland.

Raudhette må vere i Førde ei stund

Det urgamle eventyret om Raudhette og ulven som var ute på turné med Teater Vestland, må no vende heim til Førde grunna nye, nasjonale smittetiltak. Delar av turneen blir avlyst.

– Vi er leie oss for å avlyse. Mange har kjøpt billett og gledd seg, og vi har verkeleg sett fram til å reise ut på vegen med denne familieframsyninga, skriv Teater Vestland i ei pressemelding.

I første omgang blir turneen avlyst fram til 12. april. Det vil seie så lenge dei nye, skjerpa tiltaka gjeld. Fram til dess vert teaterstykket om Raudhette og ulven spelt i Førde i Sunnfjord kommune, i tråd med kommunelegen si tilråding om to meters avstand i teatersalen. Publikum bør ikkje krysse kommunegrenser for å komme på teatret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glede og musikk på scena

Teater Vestland sin versjon av eventyret om «Raudhette og ulven» er utvikla gjennom leik og improvisasjon i teatersalen.

Då skodespelarane kom til prøvene den første dagen i februar, visste dei ikkje kva roller dei skulle ha. Dei hadde ikkje noko manus og ingen musikk. Stykket er utvikla på scena ved hjelp av ein metode som vert kalla «deviced theatre».

— Det vert morosamt og fullt av glede og fantastisk musikk, samstundes som vi forhåpentlegvis kjem til hjartet av historia. Vi går i djupna på kva som skjer med karakterane og kva dei føler, seier regissør Alex Byrne i ei pressemelding.

Alex Byrne er ein av dei fremste på å lage familieframsyningar, ikkje berre i Storbritannia der han held til, men på verdsbasis. I 2021 skulle han ha vore i New York og sett opp Snøkvit på Broadway, men på grunn av pandemien vart framsyninga utsett.

— Og no for tida skulle han ha laga ei familieframsyning på The Unicorn Theatre i London, men også den er utsett. Dermed opna kalenderen hans seg, slik at han kunne komme hit til oss i staden, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Med på laget har Alex Byrne fått med seg regiassistent og dramaturg Elisabet Topp, scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington, lysdesignar Krystian Myska og komponist Gregory Hall. På scena står skodespelarane Anne Wiig, Kyrre Eikås Ottersen, Bård Watn og Katrine Lunde Mackenzie.

For å sikre ei trygg teateroppleving har Teater Vestland, saman med arrangørane sine, sett i verk fleire tiltak og eit strengt smitteregime. På alle framsyningar er det redusert tal på billettar og plassar samanlikna med ordinær kapasitet.

Turnéliste etter 12. april:

14.04.2021 Knarvik, Nordhordlandshallen

Artikkelen held fram under annonsen.

15.04.2021 Idrettsbygget Hardbakke

16.04.2021 Hyllestadhallen

17.04.2021 Dale, Fjalerhallen

18.04.2021 Askvollhallen

21.04.2021 Høyangerhallen

22.04.2021 Balestrand, Belehalli

23.04.2021 Vik, Blixhalli

24.04.2021 Voss Kulturhus

Artikkelen held fram under annonsen.

25.04.2021 Aurland Samfunnshus

28.04.2021 Nordfjordhallen

29.04.2021 Hauge Idrettshall

30.04.2021 Førdehuset

02.05.2021 Førdehuset