Kultursalen i Trivselshagen på Sandane. Illustrasjonsfoto.

Norske kulturhus vil ha omkamp om avstandsrestriksjonar

Norske kulturhus meiner restriksjonane frå Folkehelseinstituttet (FHI) om avstand i sal får store konsekvensar for konsert- og kulturhus om dei blir ståande.

FHI kom torsdag 18. juni med nye nasjonale reglar for avstandsrestriksjonar for arrangement. Der står det presisert at det må vere éin meters avstand frå skulder til skulder på stader der ein sit ved sida av kvarandre.

Fredag 19. juni sende Norske kulturhus Arbeidsgiverforeningen Spekter, Virke, CREO – forbundet for kunst og kultur, Norsk teater- og orkesterforeining, Film & Kino og Norske konsertarrangørar eit felles brev til Kulturdepartementet med forslag til tiltak som kan bidra til å lette situasjonen for kulturinstitusjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppmodingane går mellom anna ut på at annakvart sete kan nyttast ved arrangement der publikum sit i fastmonterte sete, med ansiktet i same retning.

- Hadde oppmodinga vår til Kulturdepartementet vorte godkjent kunne kulturhusa hatt drift med ein publikumskapasitet på om lag 50 prosent. No må dei redusere drifta tilpassa ein publikumskapasitet på gjennomsnittleg 20 prosent. Dette ei avgrensing som på ingen måte er beredyktig for kulturhusa i Noreg, seier dagleg leiar i Norske kulturhus Nina Hodneland.

(©NPK)