– Arbeidet med «Regndråpeborna» har vore veldig kjekt, både i studio og på konsertar, seier Sigrid Moldestad. Her framfører ho og Regndråpeorkesteret nokre av låtane frå plata.

Flott familiedag ved Pederhuset

Sigrid Moldestad & Regndråpeorkesteret inviterte laurdag til familiekonsert og dans ved Pederhuset i Breim. – Dette er første gong vi har laga ein familiedag på denne måten, og det var veldig kjekt at så mange kom, smiler artisten.

Konserten var ein del av programmet i Pederhusveka, som er arrangert av Pederhusets vener. Musikken var henta frå plata «Regndråpeborna», som Moldestad gav ut i vinter.

– Leikne tekstar

– Songtekstane er dikt skrivne av Jan-Magnus Bruheim. Han skreiv veldig leikne tekstar. Han hadde gode observasjonar, heilt ned på eit mikronivå, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moldestad legg til at musikken er laga for å stemme overeins med dei inntrykka som dikta gjev.

– Arbeidet med «Regndråpeborna» har vore veldig kjekt, både i studio og på konsertar, seier artisten frå Breim.

Ada Gloppestad Hjelle (5), Eiril Paulen (9) og Jenny Gloppestad Hjelle (8) (t.h.) var tre av jentene som stod på scena denne laurdagen.

Fekk vere med Sigrid

På scena hadde Sigrid med seg tre profesjonelle musikarar, og laurdag fekk dei også støtte av fleire jenter frå området. Tre av dei heiter Ada Gloppestad Hjelle (5), Jenny Gloppestad Hjelle (8) og Eirin Paulen (9).

– Det var veldig kjekt og lærerikt å få vere med å synge, seier dei.

Jentene var med å synge «Snigla som sykla», «Regndråpeborna», «Sutrelid» og «Liten gut fortel». Dette er fire av låtane på plata «Regndråpeborna».

Både store og små fekk vere med då Sigrid Moldestad spelte til dans.

Dansa gamaldans

– Vi var også med på å danse, og det likte vi veldig godt, smiler dei tre jentene.

Det var Mari Andrea Næss og Elin Grytting som arrangerte sjølve dansen.

– Dei to er flinke til å få med seg dei unge, poengterer Sigrid Moldestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Historisk tilknyting

Familiekonserten vart skipa til i hagen til Pederhuset i Breim.

– Dette huset høyrde til spelemannen Peder Råd. Breim er ein stad der det historisk har vore mykje musikk og speling, forklarer ho.

I 2016 tok artisten initiativ til å berge bustaden frå å forfalle.

– Vi var ein gjeng som starta arbeidet med å pusse det opp. Så blei vi etterkvart ei venneforeining, Pederhusets vener.

Det var mange som tok turen til Pederhuset laurdag for å vere med på familiekonserten under Pederhusveka.

Første familiedagen

Ho synest det er kjekt å kunne bruke huset slik det vert brukt no – som ei ramme for kulturelle opplevingar.

– Dette er første gong vi har laga ein familiedag på denne måten, og det var veldig kjekt at så mange kom. Særleg stas er det å få med seg borna, slik at dei kan få oppleve dans, song og felespel.