Fiskefolkefesten i Jølster er tilbake 8.-10. juni, og arrangørane satsar på like strålande vêr som det var her i 2018.

Fisk deg ein bil på Jølster Aurefest

8. til 10. juni går den tradisjonsrike Aurefesten i Jølster av stabelen for tiande gong, og arrangørane håpar i år på rekorddeltaking.

I det 30 kilometer lange Jølstravatnet sym den segnomspunne jølstraauren rundt, lykkeleg uvitande om at den er ein ettertrakta matfisk, både til kvardags og til fest. Jølstringane har lenge hausta aure frå vatnet, så mykje som opp til 15 tonn årleg dei siste åra.

Bil

Denne fisken spelar hovudrolla i Jølster Aurefest, som i år blir arrangert for tiande gong. Festivalen har henta inspirasjon frå fiskekonkurransen i 1958, då heile 1.000 fiskarar deltok, og endå fleire hadde samla seg rundt Jølstravatnet for å sjå på. Den gongen, som no, er hovudpremien ein flunkande ny bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år kan hovudvinnaren køyre heim igjen i ein heilelektrisk Volvo C40 Recharge Core.

– Vi produserer så mykje straum i Jølster, at det berre er rett og rimeleg at vi køyrer på straum òg, smiler Finn Årdal, leiar i arrangementskomiteen.

Itte’Fiskje

Torsdag 8. juni brakar det heile laust.

– Det blir fisking frå morgon til kveld i tre heile dagar. Torsdag og fredag kan du fiske frå land eller båt i alle vatn og elvar i gamle Jølster kommune.

Begge desse dagane kan du vinne premie for både idealvekt, 20.000 kroner, og for tyngste fisk, 10.000 kroner.

Etter trekningane blir det «Itte’Fiskje».

– Då blir det mogleg å setje seg ned og få seg noko godt å drikke, og gjerne bløffe og lyge litt om kva fisk ein har fått tidlegare på dag, seier Årdal.

Aurefesten blir avslutta med trekning og festmiddag på Thon Partner Hotel Jølster laurdag. Her frå festmiddagen i 2021, som framleis var prega av koronarestriksjonar. Då var hovudpremien 100 000 kroner. Til venstre, leiar i arrangementskomiteen, Finn Årdal.

Gjeld å treffe vekta

Laurdag, på sjølve konkurransedagen, strammar dei grepet om reglane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då er det berre lov å fiske frå land, og det er berre Jølstravatnet som gjeld. Idealvekta ligg mellom 100 og 700 gram, men akkurat kva det endelege talet blir, veit vi ikkje før vi trekkjer det på scena på hotellet, opplyser han, og fortel at mesteparten av jølstraauren ligg innanfor den vekta.

Sjølv om det betyr at alle i teorien har like stor sjanse til å vinne, uansett vekt på fisken, kjem Årdal med eit lite stalltips.

– Du kan levere inn tre fiskar. Då ville eg ha levert inn dei tre tyngste, fordi det er færre av dei, så du har ein ørliten større sjanse for å bli trekt ut om det skulle vere fleire som har idealvekta, smiler han.

Godt i rute

Med unntak av koronaåra, har arrangementet vakse seg større for kvart år, og totalt på alle tre dagane er det bortimot 1.400 fiskarar i sving i Jølster.

– Vi har forhåpningar om at vi skal klare å kome over det talet i år. Så langt ligg vi veldig godt an, med 60 prosent fleire påmelde til no enn kva vi hadde på same tid i fjor.

Årdal og resten av komiteen legg vekt på at alle kan melde seg på, anten du aldri har tatt i ei fiskestong før, eller du lever og ånder for fiskarlivet.

– Det er eit arrangement for alle, og vi ser at det er ei fin blanding av barnefamiliar, sportsfiskarar og vennegjengar som tar turen. Det synest vi er veldig kjekt.