Bokbåten Epos kjem til Sandane 5.- og 6. oktober.

Epos lever vidare som flytande litteraturhus

Frå Seljevågen i nord til Smedasundet i sør legg den legendariske båten i haust ut på endå eit tokt, etter nær 60 år i teneste som bokbåt på Vestlandet.

Heilt sidan 1963 har Epos gledd lesarar og lånarar langs kysten med bøker og besøk.

No går 28 tidlegare bokbåtkommunar saman om å gi Epos ny vind mot hamner i grender og bygdelag langs vestlandskysten, med Alver kommune som primus motor bak planlegging og finansiering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Faste stopp i Gloppen

– I Gloppen er det ei stund sidan bokbåten la til kai, seier biblioteksjef Torill Berge i ei pressemelding.

– Etter det vi veit, hadde bokbåten faste stopp i gamle Gloppen kommune i desse åra:

Hennebygda 1964 - 1965, 1973 - 1984

Hestenesøyra 1964 - 1975

Lote 1964 - 1979

Vereide 1964 - 1965

Rygg 1964 - 1965

Ulike arrangement

Som «Det flytande litteraturhuset» i 2021 kjem bokbåten til lesarane der dei bur. Ikkje berre med bøker, men med eit rikhaldig litterært kulturprogram eit litteraturhus verdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For meg blir det heilt fantastisk å få lese Jon Fosse sine dikt heime i landskapet der bokbåten var ein så viktig del av barndommen min, seier skodespelar Hildegunn Riise i ei pressemelding frå Bokbåten Epos.

Det blir ei mengd ulike arrangement langs vestlandskysten og inne i fjordane. Det er stor spennvidd i programmet langs ruta, med forfattarar, andre kunstnarar eller lokalt bibliotektilsette, og alt frå spesiallaga framsyningar til meir uformelle samlingar.

Open båt i Sandane sentrum

I Gloppen er det bibliotektilsette sjølv som står for programdelen av besøket.

– Tysdag 5. oktober legg båten til ved «Fôrlagskaia» i Sandane sentrum, og Gloppen folkebibliotek inviterer enkelte barnehagar på besøk om bord i båten, med eit program kalla «Kast anker!», seier Berge.

Etter barnehagebesøk, vert det open båt i om lag ein time, for alle som har lyst om bord. Bokbåten har med seg ei mengd bøker, som det også kan lånast frå.

Hestenesøyra

Så legg båten turen ut Gloppefjorden til det gamle bokbåtstoppet Hestenesøyra. Her inviterer biblioteksjef Berge til ei uformell stund med høgtlesing og boktips. Det vert òg høve til å låne bøker frå båten.

Onsdag føremiddag vert det ny runde med barnehagebarn om bord, før turen går vidare sørover.

– Vi håpar mange vil ta turen om bord, og oppleve ein heilt spesiell båt og eit spesielt bibliotek, seier Berge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange stopp

Skipper Svein Ivar Vinnes sit nok ein gong ved roret, og har med seg båt-bibliotekar Thomas Brevik som legg ruta for turen.

– Han har eit godt blikk for litterære høgdepunkt langs leia.

Epos seglar innom både SILK litteraturfestival i Haugesund og den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord. Nynorske litteraturdagar i Aurland i Sogn ligg også på rett plass i ruteplanen.

Strilabiblioteket

På tampen av turen legg båten til kai på kaifestivalen ved Holmeknappen i nye Alver kommune. Her har Strilabiblioteket utfordra forfattar Gunnar Staalesen til å seie noko om kva framtid han ser for Det flytande litteraturhuset Epos.

Strilabiblioteket har vore ei sterk drivkraft i arbeidet med å rigge reisa, saman med Tekstallianse og Rom for ord. Mange støttespelarar har spleisa og støtta opp.

– Slik, med drivkraft og velvilje, spleiselag og gjennomføringsevne, har vestlandskommunane på kort tid organisert eit samarbeidande fellesskap for å sikre Epos ei framtid. Vel møtt, velkomen om bord i Det flytande litteraturhuset!, skriv dei.