Ingen entreprenørar leverte inn anbod på formingsbygget ved Gloppen ungdomsskule.

Dei jazza, både store og små

Eit takknemleg publikum var også alle smårollingane som var samla for å vere med på årets nykommar, nemleg «Bli med og jazz» eit opplegg for born, med born. Heile tretti små med foreldre hadde møtt opp for å få ei lita innføring i jazzhistoria og prøve seg på improvisasjon.

I Ski i Akershus held «Barnas Jazzhus» til. Jazzhuset er konsertarrangør med medlemsskap i Norsk Jazzforum og samarbeider tett med Improbasen, eit resurssenter for improvisasjon med vekt på jazz, og driv opplæring i improvisasjon av born og unge i aldersgruppa ni til atten år.

I åtte år har musikalsk ansvarleg Odd André Elveland jobba med det han kallar rekruttering og utvikling av unge musikktalent. I helga var han på Skei saman med to unge musikarar for å demonstrere improvisasjon og rytme for eit imponerande stort og ungt publikum.

Les heile saka i papirutgåva måndag.

Den skal tidleg krøkjast som god jazzmusikar skal bli. Her er det Jenny Frøysa som har fått med seg ein ung og ivrig trommeslagar. I bakgrunnen Odd André Elveland frå Barnas Jazzhus på Ski.