Ein blaut vår og sommar etter eit ekstremt kaldt og tørt første kvartal, kjenneteiknar vêret i regionen vår så langt i år.

Bergtatt med etterlengta plate

Gamle folkeinstrument blanda med elektriske gitarar gjev Bergtatt eit spennande lydbilete som skil dei frå andre band. Mange av tekstane er basert på gamle historier, myter og segner. Dette er også med på å gje rockebandet eit unikt særpreg. Linn Katrin Øygard har vore vokalist i bandet i tre og eit halvt år.

– ”Lagnadsoger” er andre plata til Bergtatt, men den første som eg er med på. Ho kjem ut på plateselskapet MTG Music, fortel ho.
Har prøvd ut låtane
Releasekonserten fann stad på Internasjonalen i Oslo 26. september.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar etter denne konserten. Publikum likar godt det vi gjer ”live”. Dei tykkjer det er spesielt å vere på konsertane våre. Då kjem dei inn i eit univers som både er mystisk og eventyrleg. Dei får ei litt djupare forståing av låtane, og tykkjer det er spennande med instrumenta nøkkelharpe og dreielire. Vi har fått mange tilbakemeldingar på at folk blir rivne med. At publikum er godt nøgde, er svært kjekt, seier ho.

Plata ”Lagnadsoger” er sett saman av tolv låtar som bandet har prøvd ut overfor publikum.

– Dette er låtar vi har fått god respons på. Vi har jobba med dette i fire år, så det har vore ein lang prosess, peikar ho på.

– Kvifor heiter plata ”Lagnadsoger”?

– Kvar låt har sin lagnad. Det er eit ord som høvde til alle. Namnet er ikkje henta frå ein av låtane på plata. På ein av songane har vi fått med oss Steinar Ofsdal på fløyte. På ein annan låt er Turid og Anne Marit frå Katzenjammer med, fortel Øygard, som har budd i Oslo i vel fem år.

Les heile saka i papirutgåva fredag.

Bergtatt består av Linn Katrin Øygard (vokal) frå Sandane, John Stenersen (nøkkelharpe, dreielire, gitar og samples), Rolf-Erik Solstad Karlsen (gitar), Jarle Skår Nor (bass) og Anders Eek (trommer).